Are Kalvø: «Alt handlar faktisk ikkje om deg, Listhaug»

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Alt handlar faktisk ikkje om deg

Sy… (Vent litt, Listhaug! Ikkje! Eg veit du har lyst. Eg veit du er klar. Eg veit du er god til å vere fornærma. Eg veit at han kommentatoren i Stavanger dreit seg ut med dei greiene med det korset. Og det er heilt i orden for meg at du er kristen og går med kors og snakkar til dine likesinna. Heilt i orden. Det har eg ingen problem med. Og eg såg ikkje på Lindmo forrige helg, så eg veit ikkje kva du sa der. Eg har eit liv. Ok? Kan eg få fortsetje no?)

Syl… (Vent litt, sa eg! Ligg unna tastaturet! Eg veit godt at du allereie er på Facebook og har begynt å tenke ut formuleringar. «Elite» er nok med. «Falske nyheiter», sannsynligvis. Noko om at det einaste alt i verden handlar om, er at alle er ute etter deg. No skriv dei om meg i avisa igjen, tenker du. Det skal dei ikkje sleppe unna med. Eg veit alt dette, Listhaug. Men ta det litt med ro. Ok? Ta deg ein spasertur. Ta deg ein øl. Ok? Ok.)

Sylv… (Åpp åpp åpp åpp. Rolig no! Det er ikkje eingong sikkert dette skal handle om deg. Har det slått deg? Alt handlar faktisk ikkje om deg. Eg har berre skrive «Sylv». Det kan hende eg har tenkt å skrive om Sylvia Plath, den amerikanske forfattaren. Eller Sylvia Brustad, den tidligare statsråden frå Arbeidarpartiet, ho med bua. Det kan til og med hende eg har tenkt å skaffe meg ein syl, og berre skreiv ein bokstav for mykje. Alt handlar ikkje om deg. Dei fleste av oss tenker ganske sjeldan på deg, faktisk. Spesielt når det går mot vår. Så ta det rolig, ok? Rooolig. Sitt! Ned!)

Greitt.

Sylvi L.. (Greitt. Så handlar det om deg. Men du ikkje bli fornærma likevel. Det kan hende eg skal skrive noko fint.)

Sylvi Li.. (Ok. Sannsynligvis ikkje. Men høyr meg ut i alle fall. Det kan ikkje skade? Kanskje eg har eit poeng? Det hender at folk har det.)

Sylvi Lis… (Og nei, eg påstår ikkje at du er ein hund. Sjølv om eg skreiv «Sitt! Ned!» for ikkje så lenge sidan. Og du veit godt at eg ikkje påstår at du er ein hund. Og du veit godt at eg veit det. Du veit at det var ein vits. Du veit at det var for å vere artig. Og eg veit at du veit. Du er smart. Du berre later som noko anna ganske ofte for å skåre poeng. Eg veit dette. Vi er mange som veit dette. Vi ser rett gjennom deg. Det har vi gjort lenge. Det er ikkje spesielt avanserte greier, dette. Så du kan slutte no. Ta deg ein bolle. Driv med politikk. Nyt permisjonen. Ta på deg solbrillene og sett deg på ein benk. Kjenn etter. Det er ikkje så verst. Livet.)

Ok.

Sylvi Listh… (Om ikkje anna, tenk på han rådgivaren din. Han unge fyren som speler rolla som den konstant fornærma Sylvi Listhaug på Facebook. Tenker du på han av og til? Trur du dette er eit liv? Trur du det var dette han drøymde om? Trur du han er stolt når vennene spør han kva han lever av?)

Sylvi Listhaug e… (Det kan framleis hende eg skal skrive noko fint. Sitt! Neeed. Rooolig.)

Sylvi Listhaug er… (Og nei, dette har vi vore gjennom: Ikkje hund. Vits. Tull. Du veit dette. Og eg veit du veit. Sjølv om du later som noko anna heile tida. La det ligge no, så kan vi alle komme oss vidare. Vi kjenner triksa dine no. Vi er ikkje imponerte. La oss snakke om det. Kanskje har du til og med nokre poeng, ein eller annan plass inni der, mellom all fornærminga. Det hender at folk har det. Dette kan vi finne ut av. Greitt. Kan eg få fullføre?)

Ok, no kjem det:

Sylvi Listhaug er innvandrings- og integreringsminister.

Sånn. Det var ikkje verre enn det. Greitt, eller?


Først publisert i Aftenposten 11. mars.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!

Fekk du med deg førre gong Kalvø skreiv om Listhaug? På ein skala frå Trump til Jesus