Angst, angst, baby. Dumdumdum…

Kristina Leganger Iversen
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Angst, angst, baby

Først, ein draum, frå då eg var kanskje åtte år: Eg leiker utanfor huset, i rundkøyringa, når bilen vår plutseleg kjem køyrande opp. Det er ein raud Toyota Corolla. Bilen sakkar ned, og stoppar framfor meg. Vindauget i baksetet vert sveiva opp, og inn i bilen ser eg mamma og pappa, bestemor og farfar. Farfar stikk armen ut, i handa har han ein pose med småbollar. Og så seier han: Her har du, så kan du klare deg sjølv. Og så ler han, og så køyrer dei bort. Og eg tenkjer, no forlét alle meg. Eg gret i draumen, og sikkert i røynda òg, for det neste eg hugsar er at pappa har løfta meg opp i senga og at han bærer meg, og freistar å roe meg ned.

Så, attende til notida. For ikkje så lenge sidan skreiv redaktør og poet Nils Øyvind Haagensen det som for meg verka som ein relativt uvanleg oppdatering på bloggen til eit norsk forlag: Han skreiv om angst. ”Fredag den engstelige” heitte posten posta på vevsidene til Flamme Forlag.

Eg las han nokre dagar etter at han var lagt ut, tilfeldigvis, eg var innom for å sjå på katalogen deira for hausten. Og eg blei så glad, på sett og vis, over å sjå dette som eg først vart så overraska over: At ein redaktør på eit forlag plutseleg ein dag skreiv om angst, om det å vere engsteleg.

På bloggen kan ein lese det som først er historia om ein dårlig dag, men som etterkvart blir til ein større refleksjon om angst:

«Angst er en lammelse. En (kanskje) overdimensjonert følelse av frykt og (kanskje) plutselig død. Jeg bruker et kanskje fordi sjansene for å falle død om er større enn å vinne i Lotto og vi spiller da Lotto hele tiden og håper og håper».
Vi håper og håper og håper.

Etter at eg las innlegg tenkte eg på angsten. Kor stor del han er av livet, men kor lite eg snakkar om han, i forhold til andre emne, og at det er som om det finst ei eiga redsle for å snakke om angst, at eg liksom ikkje vil innrømme det, for meg sjølv eller andre, at eg, eg er ein person som av og til blir veldig redd.

For eg trur eg har hatt angst ganske mykje av mitt vaksne liv, eller iallfall, frå ungdomsskulen. I mitt tilfelle har det vore to typar: panikkangsten og den sosiale angsten. 

Panikkangsten er den plutselege, den som overfell, som kan kome ut av det blå, og gjerne gjer det, typisk i dei situasjonane eg ikkje ante at eg var redd. Når eg var yngre, i tenåra, kunne den kome når eg var ute og gjekk om kvelden, typisk om eg hadde gått opp ein bakke, og så sto eg på toppen og kjente at alt, absolutt alt, gjekk rundt for meg og at hjartet banka og banka og eg fekk ikkje nok luft. Og eg måtte sette meg ned og vente, gjerne i eit kvarter, til det letta. Eller det kunne skje på vidaregåande når eg sat på bussen, og følte at nokon hadde sette to hakar i brystet på meg og hald på å rive det frå kvarandre.

Men eg visste ikkje at det var angst. For eg hadde ikkje ein einaste redd tanke i hovudet. For eg er jo ikkje eigentleg ein person som er redd. Eller slikt tenkte eg om meg sjølv då. Og derfor fall det meg ikkje inn å snakke med nokon om det heller. Snakke om kva då? Eg hadde ingen ord for å skildre det som skjedde, forsto det ikkje. Og slik gjekk eg i mange år, til eg ein dag fekk eit så stort angståtak at heile kroppen var som eit utlada batteri etterpå. Eg hadde eit halvt år der eg ikkje tålte særleg av lyd, lys eller lukt, der alt kjentest heilt utruleg tungt. Så hadde eg eit halvt år der eg berre kjente meg nomen, og framand frå både verda og meg sjølv. Ting slutta å gje meining. Det som gjerne kallast ein depresjon.

Etter eg fekk det store angståtaket og depresjonen og heile pakka starta eg å gå i terapi. Det er noko av det beste og luraste eg har gjort. For der byrja eg nemlig å lære om kva angst var. Og at det var noko eg hadde følt ganske mykje, men som eg hadde vore heilt åleine med, ein hemmeleg thriller på innsida av kroppen.
Alt dette byrja eg å tenkje på når eg las innlegget til Nils-Øyvind. Det var mykje eg kjente igjen der, men så kom eg til dette med redselen for å døy, og då slo det meg, at det å døy aldri har vore noko eg har vore redd for. Så då tenkte eg: Kva er det eg eigentleg er redd for?

Og det er det rare med angsten: Sjølv når han pumpar gjennom blodet er det ikkje sikker at ein veit heilt kva som ligger bak det heile. Det er som når to personar har starta å krangla, og dei er blitt så sinte at dei ikkje lenger veit kva dei var sinte for. Men like vanskeleg som det er å ordne opp i ein krangel, når ein ikkje lengre veit kva ein kranglar om (men ikkje kan gje seg fordi ein er så sint), like vanskeleg er det å slutte å vere redd når ein ikkje veit kva ein er redd for.

Og det var då eg kom på draumen, som eg skreiv om først. Der alle dei vaksne eg er mest glad i køyrer bort i bilen vår, og eg har fått ein pose med bollar og det skal eg klare meg på. Det ein av dei veldig få draumane eg hugsar frå eg var barn, han er som etsa inn i meg. Og i det eg kom på han, så sto det heilt klart føre meg: Eg er, mellom anna, veldig redd for å at alle skal reise frå meg, vende ryggen mot meg, for at eg skal seie eller gjere noko som gjer at folk tenkjer, no, no er det nok. Ikkje for å døy, men for å bli heilt åleine.

Og der kjem ein til den andre angsten. Den sosiale angsten. Den som kan føre til at ein blir heilt lamma, isolerer seg. Så hardt har eg aldri vore ramma, kanskje har eg ikkje så mykje angst som sosial engstelse, redselen som kjem i periodar der eg føler at alt eg seier blir feil, der eg blir overtydd om at folk er sint på meg. Eller det kan oppstå i det eg må spørje nokon om hjelp, trenger noko, og eg blir kvalm og sveitt og uvel.

Den sosiale angsten heng teitt, teitt saman med skamma. Med kjensla av å vere udugeleg, eller dum, eller berre klein, ein sånn person som spreier ein litt sånn uggen kjensle i alle sosiale samanhengar. Og ein vil gjerne ikkje snakke om han, for då blir det jo endå kleinare, gjerne.
Felles for angsten, uansett kva form han kjem i, er at reaksjonen er heilt ut av proporsjon med faren. Den sosiale angsten finst der uansett kor mange vener ein har, uansett kor ofte dei seier at dei er glad i deg.

Etterkvart har eg lært meg eit lite mantra, for å minne meg på kva det er som skjer, når hendene plutseleg blir kalde og eg kjenner eg blir sveitt og kvalm og det svimlar litt for meg. Då seier eg inne i hovudet: «Angst, angst baby. Dumdumdumdumdum», til melodien av Vanilla Ice sin låt «Ice Ice Baby». For det første fordi eg synst det er litt morosamt, for det andre fordi det får meg til hugse at det stort sett er «all in my head».

For ettersom eg har starta å snakke om angst med folk rundt meg, så har eg skjønt det: Sjølv om eg sit der og tenkjer at alt er blitt frykteleg, så er det ikkje sikkert nokon andre merker noko. Situasjonen er sjeldan så flau, så fæl, så skamfylt eller klein som eg trur. Og dessutan, at det er veldig mange som har det slik, som har angst, utan at eg merker noko på dei. Dei flinkaste og beste og snillaste og mest morosame folka, dei sit der kanskje eller har sete der, og vore redde dei òg.

Når angsten kjem, så kan han erobre heile kroppen, heile sinnet, dominere heilt dei augneblinkane han grip til. For nokon blir han så stor at han erobrar heile livet, gjer det vanskeleg å gå ut, treffe folk, gjere heilt vanlege ting. Anten han er stor eller liten, sjukeleg eller kvardagsleg, så kan angsten vere isolerande og skamfull. For kven vil vel seie at dei er redd? Og redd for ting dei veit ikkje er sannsynlege? Men redd likevel?
Derfor gjeld det å kjempe mot. Å isolere angsten, og ikkje la angsten isolere. Så når eg er engsteleg tenkjer eg: Angst, angst, baby. Dumdumdumdumdum. Og så veit eg at det er ubehageleg, men ikkje farleg. At det går over. Dumdumdumdum.

Og ikkje vere så redd for angsten, for å vere ein person med angst. For å innrømme det når det skjer. For kanskje er det nett slik at den andre du står og snakkar med veit nett korleis du har det. Og når ein veit det, så kjenner ein seg litt mindre åleine, og er ein litt mindre redd. Og kanskje litt etter litt, blir angsten litt mindre. Eller kjennest litt mindre farlig. Og det er kanskje då ein først kjenner det: Kor deilig det er når ein ikkje heile tida spenner musklane, når ein ikkje går på tå, når ein ikkje venter på at katastrofen skal inntreffe. Når ein rett og slett slappar av. Då er livet ganske fint. Og då kan ein smile av seg sjølv, seie: Det var jo berre angsten, jo.