5,10,15-livet

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I kvardagen sine fullstappa timar, kan det verte for lite rørsle for nokon og einkvar. Difor ser me etter dei gode råda. Det finns visst smarte måtar å smette dette inn likevel. Medan dottera smør nista si sjølv, kan nemleg mor finne ei tom tidslomme, og snike inn fem minuttar med jerngryta sitjande på golvet. Pendle den frå side til side, røske litt i dei skrå magemusklane. Heilt etter 5-10-15 boka til Helene Sandvig, som tek stafettpinnen vidare frå mellom andre Yngvar Andersen sitt ”Berre gjer da!” Det er lett å like prinsippet om at litt er betre enn ingenting, men endå lettare å like at litt er betre enn mykje. No til dags, når ein forventar effektivitet, kan ein slik løyse mysteriet om tida som forsvann. Kreativt, men luktar dette forstyrring eller luktar det fornuft?

Det kan i alle høve verke som individualismen stadig når nye høgder. Eg høyrer også rykte om eit nytt diskotek der kvar einskild har sin prefererte musikk i eigne øyreklokker. Dansar alle etter si eiga pipe? Er det slik det skal vera? Eit bilete på netthinna, ei handling, seier meir enn tusen ord. Særleg om ein ikkje har tid til å prate, eller interesse for slikt: Kva seier mora med jerngryta i røynda til barnet sitt? Og korleis kan ein eigentleg kommunisere på disko med egorytmar? Me vil vera så forskjellige, men samstundes så konformt like. Og inni dette finns variasjonar over temaet «memento mori», om enn meir eller mindre misforstått.

Det vert spanande å sjå om evolusjonen gjev oss eit sett med armar til, så me får gjort alt me vil før me døyr. Eller om arten menneske kan sove med eit auga i slengen til slutt, slik at me kan nytte alle 24 timar i døgeret. Det er ei tid for alt, heiter det seg. Så om ein ikkje har tid til å trene skrotten sin i den fasen der ein sjonglerar ungar, i tillegg til jobb, heim og alt på diverselista: Er det då verkeleg trening ein treng skvise inn?

På ein måte gjer me vel eigentleg mindre og mindre etterkvart. Skal jammen seie me får køyrd oss likevel, og det kan jo faktisk hende kroppen kvin etter å bli nytta fysisk som arbeidshest att? For å vera i rørsle er meir enn noko naudsynt, det kan vera fridom. Eller det kan vera luksus, eit privilegium, eit middel mot eit mål eller som eit mål i seg sjølv. Helst skulle ein vel ha vore innanfor målet heile tida? Er mange i ferd med å dytte vekk alle andre føremoner med rørsle enn det visuelle utfallet? Som me veit kan rørsle slik, diverre tvert om, verta ei tvangstrøye.

Om ein har erfart å ikkje klare rikke seg, kan ein lære å setje pris på kvart levande steg ein deretter får ta. Eg har hatt ein slik vekkjar, og kan enno kjenne ei pur, spontan glede over å kunne gå, springe, lyfte og danse -utan at det treng ha så mange andre føremål enn dette i seg sjølv. Men ofte tek eg meg i å gløyme, ta rørsla for gitt, eller ynskje å heve normalen, endre standarden i eit dragsug av samfunnet sitt kroppsfokus det kan vera vanskeleg å stå i mot. Men me treng slett ikkje fleire av oss som gnir inn diskrepansen mellom ideal og realitetar. Rastlaust er det i slike spenn. Men det er vel skilnad på utkomet av rastløyse som veks frå ro, og rastløyse drive av stress og overstimulering?

Det er truleg fleire av oss som forfjamsa kjenner at ein burde gjort noko anna, vore ein annan stad, vore annleis. Om ein kviler, skulle ein ha trena. Og om ein trenar skulle ein ha kvilt, lese, sosialisert, eller i det minste trena på ein annan måte. Om ein har fri, skulle ein ha jobba, om ein leikar med ungane skulle ein heller vore i vaksenverda, om ein gjer husarbeid skulle ein i staden ha realisert seg sjølv og omvendt. Samvitet vårt treng slik stadig sjølvhjelpskurs, og dette til og med før ein klarar sprenge seg ut av sine eigne soner. Faren, på den andre sida, kan vera at me spring rundt som hovudkappa høns: Berre gjer det, gjer det, ikkje tenk. Som dansande 1-tal bør me vel snart spørje oss sjølve med alle spørjeorda som byrjar med K. Ikkje berre just do it, men tenk litt kring det også?

For, kor mange fluger vil me eigentleg klaske i eit smekk? Me kan her stå framføre uante innovasjonar. Markedet kan ver så god eksplodere, det får vera så gale at det er godt for noko? Tannkostar med vekt på 2 eller 5 kg: Reine tenner og svulmande biceps samstundes? Gardinstang slash pullupstang? Nokre joggar allereie med vogna, og barneskallar fungerar greitt som eiga rangle? Styrketrening med babyen, han sutrar, men mor må berre fullføre femten knebøy synkront med ”Vi har en tulle”.

Hastverk er lastverk, og fullspekka timar kan straffe seg. Eg vil ikkje telje dei gongar eg sjølv bokstavleg tala har køyrd i grøfta, eller kor mange ting eg har mista i dass, og eg har nekta å høyre på det metaforiske som livet fortel. Eg har pesa vidare med alt eg må, bør, skal og ikkje minst vil. Me kan vel alle til tider vera litt som treåringen som står på brødfjøla med skitne støvlar. Det går heilt bra, for me seier med overtydande, sjarmerande røyst: ”Åh, du veit, EG vil og kan viss eg berre har lyst!

Men ein skal passe seg for å dure avstad med for mange ting samstundes, me kan kome til å sjå ei rekkje nye ulykker i heimen. Knekte nakkar av spensthopp under morgonstellet til minsten, forstua halebein etter dips i trappa på veg til godnatthistorien, hjernerysting etter ryggøvelsar på skrale salongbord før middag. Og i meir overført tyding: Kanskje nokre av oss også kan kome til å kaste ungen ut saman med badevatnet, i fokuset på å bevare det vakre såpeskummet?

Helsa, både den eine og ikkje minst den andre typen, er sjølvsagt viktig å stelle med. Kanskje ein aukar sjansane for å vera lenge med dei ein er glad i, oppleve meir av det ein likar, utgjere ein forskjell for nokon rundt seg. Og det er vel sant at ein bør ta på si eiga luftmaske før ein hjelper andre. Men om ein navlebeskuande fomlar slik med eiga maske, medan tida tikkar og går: Ja, kva då med dei andre? Kva vil me i grunnen, kva driv me med, kva gjer me eigentleg her, kvar, korleis og kvifor det? Nokon må hjelpe, kven kan redde oss? Per Fuggeli: Kom og tørk, kom og trøyst?

Først publisert på Silje-skriveri