1 av 5 trur vaksiner er farleg
Nesten ein av fem trur barn kan få alvorlege biverknader eller seinskadar av vaksinane dei får, viser ei måling.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I målinga som InFact har gjort for VG, er det dei i aldersgruppa 45– 64 år som er dei mest kritiske til å vaksinere barn. Her svarar 20,5 prosent bekreftande på spørsmålet om dei trur barn kan få alvorlege biverknader eller seinskadar av vaksinar.
LES OGSÅ: Jimmy Kimmel set anti-vaksine-røyrsla på plass
Det norske vaksineprogrammet inneheld vaksinar mot til saman elleve forskjellige sjukdommar. I meiningsmålinga svarar totalt 18,1 prosent at dei trur barna kan ta skade av vaksinar.
– Sjukdommane ein vaksinerer mot, er mykje farlegare enn biverknadene av vaksinane. Dei aller fleste som får plager, blir ramma mildt og kortvarig. Dei alvorlege hendingane er det få av. Det skjer, og det er sjølvsagt tragisk, men det er ikkje vanskeleg å gjere vurderinga av kva som er farlegast av vaksinasjon eller ikkje-vaksinasjon, seier direktør Britt Wolden ved vaksineavdelinga i Folkehelseinstituttet.
Ho seier dei prøver å identifisere dei gruppene som vaksinerer barna i mindre grad enn andre. På den måten kan dei klare å tilpasse informasjonen betre. (©NPK)
LES OGSÅ: Vil ha hepatittvaksine for barn