Tekstforfattaren har alltid hatt god fantasi og skulle gjerne sett Synnøve Macody Lund som Siv Jensen og Arif i rolla som hennar romantiske interesse.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

– Eg er ikkje den som sit på ein kafé og les. Eg prøvde det ein gong, men fann ut at det var altfor mykje støy rundt meg. Eg føretrekkjer å lesa i rolege og stille omgivnader, skriv Amir Shaheen i ein e-post til Framtida.no.

I tillegg til fleire bøker kan han skilta med å vera ein av idéskaparane bak Netflix-serien Hjem til jul.

Nyleg gav tekstforfattaren og produsenten ut Er jeg norsk, hvis jeg har mørk hud? – en dialog med unge med minoritetsbakgrunn. Her har han snakka med norske barn med minoritetsbakgrunn i alderen 10 til 15 år om identitet, rasisme, verdiar og framtida.

Amir Shaheen

Alder: 37

Frå: Bergen. Bur i Oslo

Utdanning: Tekst, film, reklame & merkekommunikasjon

Yrke: Tekstforfattar og produsent

Utgjevingar: Er jeg norsk, hvis jeg har mørk hud? – En dialog med unge med minoritetsbakgrunn (2024), Barnas filosofi – Barnas tanker om verden og oss (2023), F*** ta hjernen min! (2021)

Les mykje manus

Sjølv har 37-åringen pakistanske røter og er oppvaksen i Bergen.

Me har teke ein kikk i bokhylla hans.

– Kor mykje les du sjølv?

– 15 bøker las eg i fjor. Les mykje filmmanus, tel det?

– Kva bok ligg på nattbordet ditt?

– Akkurat no ligg det to bøker på nattbordet – Tenke som en munk, Jay Shetty og The Old Man, Thomas Perry.

Noveller av Dahl og Rushdie

Shaheen har tidlegare gitt ut novellesamlinga F*** ta hjernen min!, og føretrekkjer sjølv «alt anna enn samtidslitteratur».

– Det er noko med å blanda røyndommen med ein snev av fantasy. Det er det absurde, eller det surrealistiske som fangar meg – særleg når temaa blir utforska gjennom kreative forteljarmåtar. Eg er stor fan av Neil Gaiman, og kan ikkje få nok av både Sandman-boka og -serien.

Vidare tykkjer han at Pierre Christins Valerian-serie, inkludert filmen, fortener så mykje meir anerkjenning enn han får. Frank Miller er også ein favoritt.

– Simon Rich får meg til å le høgt kvar einaste gong eg opnar ein av bøkene hans.

Shaheen tykkjer òg at Salman Rushdie sine surrealistiske noveller er nydelege.

– Måten han vevar saman aktuelle menneskelege kjensler og handlingar i absurde situasjonar er rett og slett magisk. Nyleg oppdaga eg at Roald Dahl også skreiv noveller – det var heilt nytt for meg. Eg har nettopp lese ferdig den fantastiske samlinga om Henry Sugar, og no ligg det tre andre samlingar på vent som eg er ivrig etter å dykka inn i.

Salman Rushdie er fødd i India og flytta til Storbritannia som ung. Forfattaren er internasjonalt anerkjent og vart i 2022 utsett for eit dramatisk knivangrep etter å ha levd med ein fatwah mot seg sidan 1989. Foto: Foto: Rachel Eliza Griffiths/Aschehoug

Fantasifulle forteljingar

– Kva bøker vart lesen til deg som liten?

– Eg skulle ønske nokon las for meg då eg var liten. Eg vaks opp i ein utfordrande heim, så bøkene måtte eg oppdaga på eiga hand. Ofte skulka eg koranskulen for å dra på kino eller vera på biblioteket med ei bok. Som liten forstod eg ikkje alltid handlinga i bøkene eg las, men då eg oppdaga Valerian av Pierre Christin på biblioteket, opna det ei heilt ny verd for meg som eg ikkje visste eksisterte. Frå då av var eg mykje tid gøymt i biblioteket, anten det var i Bergen sentrum eller på vestkanten, og eg grov meg gjennom alle fantasybøker med bilete eg kunne finna, fortel Shaheen, og legg til:

– Men mor mi, ho pleidde å fortelja meg utruleg vakre historier då eg var liten; fantasifulle eventyr om underdogs som reiste seg og kjempa for det dei trudde på. Desse historiene kom ikkje frå ei bok, men rett frå hennar eigen fantasi.

I tenåra gjorde «Ringenes Herre» eit stort inntrykk.

– Sjølv om eg ikkje forstod alt som gjekk føre seg, var eg djupt fascinert av at heile denne omfattande og detaljrike verda sprang ut frå fantasien til éin enkelt person. Trur eg lånte teikneserie-filmen på biblioteket alt for mange gonger!

Absurd bibel

– Kva bok skulle du ynskja du hadde skrive?

– Eg har aldri tenkt at eg skulle ønske eg hadde skrive bøkene til andre, ettersom eg sjølv er ganske unik og rår over ein absurd fantasi. Eg er i ferd med å gi ut min første roman etter boka Er jeg norsk, hvis jeg har mørk hud? Denne nye boka heiter Sorgens tre, og det er faktisk den boka eg alltid har ønskt å skriva – og no har eg gjort det. Om eg skulle ønske eg hadde skrive noko anna, måtte det kanskje vore Bibelen. Då hadde eg skrive ein ganske absurd versjon av han, hehe. Fordi min Jesus hadde gjort vatn om til italiensk vin. 😉

Litteraturprofessor og forfattar Joseph John Campbell (1904-1987) var oppteken av mytologi. Foto: Joan Halifax, Flickr (CC BY 2.0)

– Kva bok og/eller forfattar meiner du er undervurdert?

– Dette er eit vanskeleg spørsmål, sidan mange av favorittforfattarane mine allereie er ganske anerkjende. Men eg føler at Joseph Campbell ofte blir undervurdert. Eg las nyleg boka hans, Helten med tusen ansikt, og såg dokumentaren som vart laga om arbeidet hans. Kunnskapen denne mannen rår over er utruleg, og eg skulle ønskja han sjølv hadde skrive ei novelle eller roman. Tenk så fantasirik ei slik bok kunne ha vore! Eller kanskje han faktisk har skrive ein roman, og eg har ikkje fått det med meg?

Ei god bok

– Ei god historie og ein sterk start er essensielt. Dette er noko eg meiner fleire norske forfattarar, spesielt dei som skriv samtidslitteratur, kunne ha godt av å tenkja på. Herregud, nokre gonger kan det bli så kjedeleg. Kva er greia, liksom?

Shaheen meiner ei god bok, er ei som startar med eit brak.

– Eg set pris på når forfattaren respekterer mi tid ved å komma direkte til poenget og klargjera kva boka handlar om. Eg føretrekkjer at boka ikkje bruker meir enn ti sider på å etablera dette. Kanskje mitt syn er påverka av filmbransjen, der eit manus i USA raskt blir forkasta viss ikkje essensen og retninga er klar innan dei første ti sidene – det blir bokstaveleg talt kasta ut, køyrt over av ein forbipasserande bil, for så å bli sett fyr på av ein tilfeldig forbipasserande med sine eigne problem og ein flammekastar.

Spanande Crowley

Sjølv kjenner han seg mest att i romankarakteren Crowley frå Good Omens, skrive av Terry Pratchett og Neil Gaiman.

– Kanskje det er fordi han er så fersk i minnet, og eg beundrar måten han lever livet på. Han er litt på kanten, tør å ta sjansar. Kva er vel livet utan risiko? Kven ønskjer seg eit liv i fullstendig komfort, å sitja på sofaen kvar dag, eta på same restaurant, gå i dei same kleda, og gjenta det same til ein døyr? Eg føretrekkjer å vera meir som Crowley – litt i vinden, litt spennande, og eg diggar også stilen hans. Så lenge verken Gud eller Satan faktisk finst og kjem for å øydeleggja det heile, då, ikkje sant?

– Kva forfattar – daud eller levande – ville du invitert på middag?

– Kven ville velja ein avdød forfattar å ha middag med? Det er litt merkeleg, lat dei kvila i fred! Eg ville valt å eta middag med Neil Gaiman. Eg hadde elska å høyra på hans tankar og læra meir om kvifor han skriv dei bøkene han gjer, og korleis han utviklar karakterane sine, forklarar Shaheen.

– Sjølv om Seth Rogen ikkje er ein bokforfattar, må eg leggja til at eg les mykje manus for TV og film, så ein middag med Seth Rogen hadde også vore utruleg interessant. Han er ein fantastisk historieforteljar, og det hadde garantert vorte ein morosam kveld.

Multikulturell penn

Om han berre skulle lesa bøker frå ein forfattar heile livet, fell valet på Salman Rushdie.

– Det er faktisk overraskande for meg sjølv å seia det, men viss eg måtte velja å berre lesa bøker frå éin forfattar resten av livet, ville eg valt han. Grunnen til det er den fantastiske variasjonen hans. Rushdie kan skriva innanfor fleire sjangrar, og bøkene hans er prega av ein multikulturell penn som resonnerer djupt med meg.

– Kva av bøkene dine vil du sjå filmatisert – og kven speler hovudrolla?

– Eg skulle ønske nokon kunne filmatisera novella Mustafatas tidsmaskin frå novellesamlinga mi F** Ta Hjernen Min!*. Den handlar om Abdi som reiser tilbake i tid til Noreg i 1990, blir saman med Siv Jensen før ho vart ein del av Frp, og prøver å få henne til å bli glad i utlendingar. Det hadde vore fantastisk å sjå Arif i hovudrolla som Abdi og Synnøve Macody Lund som ein perfekt Siv Jensen – ho er jo temmeleg tiltrekkjande når ho blir sint på film.