Mbappé oppmodar unge til å stemme

Valforskar trur utspelet kan ha ein viss effekt, men ventar ikkje at Mbappé vil avgjere det franske valet.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

– I dag ser vi tydeleg at dei ekstreme står på terskelen til makt, og vi har moglegheit til å velje framtida til landet vårt. Det er difor eg ber alle unge om å dra og stemme.

Søndag kveld hadde det franske laget pressekonferanse før sin første EM-kamp og «Les Bleus»-kaptein Kylian Mbappé nytta høvet til å oppmode franskmenn til å stemme i det komande valet til nasjonalforsamlinga.

Nyval

Etter førre helgs EU-val sjokkerte Frankrikes president mange ved å skrive ut nyval til parlamentet. Ytre høgre-partiet Nasjonal samling (Rassemblement national) fekk 31,4 prosent av dei franske stemmene, noko som er dobbelt så mykje som president Emmanuel Macron sitt parti.

Mbappé trur valet er eit avgjerande augeblikk i landets historie. 25-åringen vender seg spesielt til dei unge, som han meiner er ein generasjon som kan gjere ein forskjell.

– Eg veit at mange unge tenker at éi stemme ikkje endrar på noko, men tvert i mot, kvar stemme tel, understreka han.

Nasjonal samling går inn for å stramme kraftig inn innvandringa og ønskjer ei «nasjonal prioritering» som inneber at det berre skal vere franske statsborgarar som får tenester som sosialhjelp og offentleg støtte, skriv TV 2.

Valet til den franske nasjonalsamlinga går føre seg i to omgangar, først 30. juni og så 7. juli.

– Ein viss effekt

Når ein ser kor mange som ikkje stemmer, meiner fotballspelaren at kanskje ikkje alle er klar over at dei har moglegheit til å bestemme framtida til landet.

Valdeltakinga i Europaparlamentsvalet i Frankrike i 2024 var totalt på 51,5 prosent. I valet til nasjonalforsamlinga i 2022 var valdeltakinga i underkant av 50 prosent i dei to valrundane.

– Valdeltakinga er lågare blant unge i alle europeiske land. I Frankrike slit dei nok med tilliten til partia og til politikarar. Den sitjande presidentens parti er upopulært og det høgrepopulistiske partiet Nasjonal samling er på veg fram. Det uttrykkjer ei form for mistillit, seier valforskar Johannes Bergh på telefon til Framtida.no.

Mbappé er ung, har fleirkulturell bakgrunn og har vakse opp i ein forstad til Paris. Han representerer dimed ei gruppe veljarar som generelt er lågt representert i val og som er ei viktig gruppe å nå.

Forskar ved Institutt for samfunnsforsking, Johannes Bergh, har sett på politisk deltaking blandt unge. Foto: ISFS

Bergh trur den franske angrepsspelarens valoppmoding kan ha ein viss effekt.

– Han er openbert ein person som mange vil lytte til. Mykje av å få folk til å stemme kan handle om å gi folk ein liten dytt eller ei lita oppmoding, så det kan ha effekt på nokre veljarar som kanskje var usikre på om dei skulle stemme, eller som ikkje har tenkt så mykje på det.

Han trur likevel ikkje vi skal overdrive Mbappé-effekten.

– Det er ikkje grunn til å tru at det vil endre utfallet av valet. Det er mange døme på kjendisar i andre land som blandar seg litt inn i politikk eller seier noko om politikk utan at det nødvendigvis har hatt så stor effekt.

Uvanleg

Men valforskaren har inntrykk av at det er ganske uvanleg at store idrettsstjerner engasjerer seg i val på denne måten.

– Ofte held dei seg unna politikk fordi det er kontroversielt. I USA er det mange kjendisar, som musikarar og Hollywood-stjerner, som kan meine noko om politikk, men det er ein grunn til at denne saka får merksemd. Han er både ei stor stjerne og det er eit litt uvanleg utspel.

Bergh forskar på mobilisering av unge veljarar. Han forklarar at det er viktig at unge opplever at valet er relevant og at viktige ting står på spel.

– Særleg blant unge ser vi at dei ikkje stemmer berre for å støtte demokratiet, det bør vere noko viktig politisk som står på spel og at ein opplever at viktige avgjerder blir tatt i valet. Det trur eg er det aller viktigaste for å få unge til å stemme, men også praktiske ting, som at dei blir mint på å stemme, at foreldre tar med dei unge i vallokalet, eller at dei har vennar som utøver press om å stemme.

Nasjonal samling: Splittar landet

Det franske fotballforbundet seier ifølgje VG at landslaget og forbundet er nøytrale. På pressekonferansen med Mbappé støtta trenar Didier Deschamps spelarane sin rett til å uttale seg fritt.

Nasjonal samling sin talsperson Andréa Kotarac meiner Mbappé splittar landet.

– Eg er svært skuffa over Kylian Mbappé. Eg har inntrykk av at når du har mykje pengar, så kan du uttale deg stikk i strid med reglane til det franske fotballforbundet, uttalar Kotarac til TV-kanalen BFM, ifølgje TV 2.

Blandar politikk og fotball

– EM er viktig for våre karrierar, men vi er først og fremst borgarar, og vi kan ikkje kople oss av verda rundt oss, sa Mbappé på pressekonferansen.

Utspelet frå Frankrikes største fotballstjerne kom dagen etter at lagkamerat Marcus Thuram tok opp ein liknande bodskap. Mbappé stiller seg bak Thuram, og peika på at dei har ytringsfridom.

– Ein seier at ein ikkje skal blande politikk og fotball, og eg er samd når det gjeld småting, men ikkje i denne situasjonen.

Mbappé ønsker å spele for eit land som deler verdiane han står for: mangfald, toleranse og respekt. Han har tillit til det franske folket, og seier ikkje kven han vil dei skal stemme på, men at han er imot «dei ekstreme».

– Eg håpar at vi framleis vil vere stolte over å bere denne drakta den 7. juli, seier han, og viser til dagen for andre valomgang i det franske valet.