Reagerer på at norskproduserte våpen selt til USA har kome til Israel: – Uhaldbart

USA er den største eksportkunden til norsk våpenindustri. Changemaker krever at politikarane får på plass ei sluttbrukarerklæring.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

– At norske våpen og våpenkomponentar blir brukt av eit land me sjølv vel å ikkje selje direkte til vitnar om mangelfull kontroll i våpeneksporten, seier leiar av Changemaker, Marte Hansen Haugan i ei pressemelding frå organisasjonen.

Dei reagarerer på at Noreg ikkje krev sluttbrukarerklæring, som legg føringar på kor norske våpen endar opp. Frykta no er at norske våpen selt til USA, kan ende opp hjå deira nære allierte Israel.

Ifølgje NRK skal den norskproduserte rakettkastaren M72 frå Nammo vera sett brukt av Israel sine soldatar, trass i at Noreg ikkje sel våpen til Israel.

Nammo stadfesta at dei kjenner til tidlegare tilfelle der våpen dei har selt til USA har enda opp i Israel.

Kraftig auke i eksporten

Fredag kom den årlege eksportkontrollmeldinga frå Utanriksdepartementet, som viser kor mykje våpen og anna krigsmateriell Noreg selde i 2023, og til kven.

I 2023 eksporterte norske verksemder våpen, ammunisjon og militært utstyr for om lag 12 milliardar kroner, noko som er ein auke på 35 prosent sidan 2022.

Statssekretær i Utanriksdepartementet Eivind Vad Petersson (Ap).

Nato sine medlemsland er framleis dei største mottakarane av forsvarsmateriell frå Noreg, og stod for 84 prosent av den norske eksporten av våpen og ammunisjon.

– Dei største aukingane i eksporten i 2023 var til Ungarn, Tyskland, Romania og Storbritannia. I 2023 var det ein nedgang i eksporten av forsvarsmateriell til USA samanlikna med 2022, skriv statssekretær Eivind Vad Petersson (Ap) i ein e-post via presseavdelinga.

Reagerer på eksport til USA

Men USA er framleis den største kunden av norsk våpenindustri, og står for 2,14 milliardar av eksporten i 2023.

Det meiner leiaren i Changemaker er «hårreisande».

– USA fôrar Israel med våpen som inneheld norskproduserte delar, samstundes som Israel blir etterforska for folkemord og meir enn 36 000 palestinarar er drepne på sju månader, seier leiar av Changemaker, Marte Hansen Haugan.

Petersson forklarar at amerikanske varer produsert av norskeigde bedrifter i USA er underlagt amerikansk regelverk for eksportkontroll, på same måte som utanlandskeidge bedrifter i Noreg er under norsk eksportkontroll.

– Norsk forsvarsmateriell er ofte sett saman av delar og komponentar frå ulike utanlandske leverandørar, kor eksport av det ferdige produktet regulerast av norsk eksportkontrollregelverk. 

UD: – Norsk eksportkontroll er streng

– Ein nasjon som fremmar fred og internasjonal rett kan ikkje lukke augo for dei potensielle konsekvensane av eigen våpeneksport. Det er på overtid at politikarane tek ansvaret dei har for å stramma opp eksportkontrollen, meiner Marte Hansen Haugan.

Petersson understrekar at Noreg følgjer FNs våpenhandelsavtale.

– Regjeringa tillet ikkje eksport av våpen og anna forsvarsmateriell frå Noreg til Israel, heller ikkje fleirbruksvarer til militær sluttbruk. Norsk eksportkontroll er streng og i samsvar med Noregs internasjonale forpliktingar, skriv han i e-posten.

Utanriksdepartementet avslår søknadar om eksport om det ligg føre kunnskap om at det militære utstyret vil kunne bli brukt til å gjera seg skuldig i folkemord, brotsverk mot menneskeslekta eller krigsbrotsverk.

– Eksport av forsvarsmateriell er for alle land ei nasjonal sak. Det er likevel etablert praksis og tradisjon for at allierte land konsulterer det opphavlege eksportlandet før ein eventuell vidareeksport finn stad. Det er regjeringas mål at denne utbreidde praksisen blant NATO-land også skal bli ei norm, forklarar han.

Krev sluttbrukarerklæring

Changemaker har jobba med våpeneksport i mange år, og har tallause gonger uttrykt alvorleg bekymring over at Noreg ikkje praktiserer sluttbrukarerklæring med re-eksport-klausul.

– Det er uhaldbart at norske våpenkomponentar ender opp hos statar som bryt menneskerettar og gjer krigsbrotsverk. For alt me veit bidreg våre komponentar til dei umenneskelege lidingane i Gaza me stadig ser bilete av, understrekar Marte Hansen Haugan.