Reagerer på TiKTok-profil sine utsegn: – Altfor dumt

Norsk-muslimske Rawan Naima (14) reagerer på at TikTok-profil Yousuf Dawah brenner pride-flagget. – Har aldri oppmoda til hat og trugslar, svarar han.

Kristin Molvær
Publisert
Oppdatert 21.06.2024 11:06

Saka er oppdatert med tilsvar frå Yousuf Dawah.
Etter at Framtida.no publiserte saka er den omtalte videoen blitt sletta frå YouTube. 

– Om du ikkje støttar pride, så kan du halde deg unna. Ein treng ikkje vere med på feiringa, men ikkje spreie hat og ein treng ikkje øydeleggje pride-flagget, seier Rawan Naima (14) på telefon til Framtida.no.

Ho reagerer på at den muslimske konvertitten og TikTok-profilen kjend under namnet Yousuf Dawah, set fyr på eit pride-flagg. Videoen er blitt delt på TikTok og YouTube.

Islamsk misjonær

Dawah står bak Dawah Norge og fortel om islam på gata i norske byar, og på sosiale medium. Han har fått mykje merksemd i fleire kanalar, og er blant anna kjent for sine mange videoar på TikTok og innlegg på Facebook.

– Det er flott at han deler kunnskap om islam, fleire muslimar burde dele sin kunnskap om religionen. Men dette blir altfor dumt, meiner Naima.

Naima sit i ungdomens fylkesråd i Rogaland, er aktiv i Rogaland AUF og er sjølv norsk-muslim.

– Kvifor reagerer du så sterkt på det som kjem fram i innlegga og videoane han har delt den siste tida?

– Eg er sjølv norsk-muslim, og som ein av mange som har hatt han som eit muslimsk forbilde og har lært mykje av den kunnskapen han deler, blir eg skuffa. I staden for å brenne regnbogeflagget, som ikkje fører noko godt med seg, så kunne han delt sin kunnskap om det fine med islam og alle dei fine verdiane vi har i islam.

Sterke utsegn

I videoen presiserer Dawah at han set fyr på sitt eige regnbogeflagg som han meiner fremmer «eit konsept som strir mot alle former for normal menneskeleg natur.» Han meiner at flagget ikkje har noko å gjere i skular og barnehagar og seier at det «berre finst to kjønn».

– Eg blir veldig sjokkert når eg ser han komme med desse utsegnene, og veldig bekymra for ungdommar som har han som forbilde.

Naima reagerer sterkt på innhaldet han har delt den siste tida, og meiner det er skadeleg.

– I den eine videoen ser vi at han brenner eit pride-flagg under pride-månaden. Vi har dessverre sett resultat av sånt hat her i Noreg, som skytinga i Oslo 25. juni 2022, der vi mista to personar.

Auke i hatkriminalitet

I fjor var det ifølgje politiet ein 48 prosent auke i hatkriminalitet på bakgrunn av seksuell orientering. Den største kategorien dreidde seg om skadeverk og auken i vinningskriminalitet vert forklart med ein auke i stolne pride-flagg.

Å brenne flagg eller andre symbol er i utgangspunktet ikkje ulovleg, fordi det ikkje reknast som ei hatefull ytring mot personar, ifølgje politiet.

Både brenning av pride-flagg og koranbrenning har skapt debatt i det offentlege rom. Naima meiner det er dobbeltmoralsk å reagere på at nokon brenner koranen, og så oppfordre folk til å brenne eit symbol på LHBTQ+.

– Eg meiner at det å brenne koranen for å trakassere muslimar er heilt forkasteleg, og ikkje fører noko godt med seg. Akkurat det same gjeld brenning av pride-flagg og trakassering av skeive menneske.

Ho meiner at det er trist å sjå nokon frå ein minoritet øydelegge for ein annan minoritet.

– Eg blir så provosert når det kjem frå ein som tilhøyrer ein minoritet som vert utsett for så mykje diskriminering i samfunnet, men framleis vel å brenne regnbogeflagget.

– Å elske er ein menneskerett

– Har du nokon oppfordringar til andre muslimar under pride?

– Om du ikkje støttar pride, så kan du halde deg unna. Ein treng ikkje vere med på feiringa, men ikkje spreie hat og ein treng ikkje øydeleggje pride-flagget.

Niema viser til eit sitat frå kultur- og likestillingsminister, Lubna Jaffery sitt meiningsinnlegg i VG.

«Husk da at du ikke MÅ gå på festen, selv om du er invitert. For alle er invitert. Det er det som er så vakkert med pride.»

– Å elske er ein menneskerett, legg Naima til.

Dawah: – Aldri oppmoda til hat og trugslar

Etter at saka vart publisert har Framtida.no fått svar frå Yousuf Dawah på Instagram.

– Eg har aldri oppmoda til hat og trugslar mot nokon menneske i mitt liv! Kva ein 14-åring utan islamsk kompetanse meiner om meg og mine gjerningar er heilt uvesentleg, skriv Dawah til Framtida.no.

– Nei, han oppmodar ikkje til hat mot menneske, men han oppmodar til hat mot pride og det skeive miljøet, svarar Rawan Naima på telefon til Framtida.no.

Ho ikkje er nøgd med svaret på kritikken.

– Det er veldig nedlatande. Han respekterer ikkje mine meiningar. Sjølvsagt skal det vere ytringsfridom og eg skal kunne kritisere og seie at dette er eg imot, seier Naima.

AUF-ar Rawan Naima (14) er muslim og reagerer på Yousuf Dawah si flaggbrenning.

– Han utnyttar religionen

Rawan Naima reagerer på at Dawah brukar alderen og hennar kompetanse som eit argument, og peikar på at målgruppa hans på TikTok er yngre personar.

– Han utnyttar religionen for å oppnå sine personlege ambisjonar. Han representerer ikkje islam og muslimar. Det som representerer islam er Gud og Koranen. Han har inga myndigheit til å representere islam, seier Naima, som oppmodar unge til å vere kjeldekritiske.

– Eg syns det er viktig å leggja til at islam er ikkje er ein slik religion. Det er så mange fine og flotte muslimar som ikkje støttar hans meiningar rundt pride. Han representerer berre seg og sine meiningar, avsluttar Naima.