Bridgerton sesong 3 – meir sladder og drama

Del ein av Bridgerton sesong tre har tatt med seg dei gode kvalitetane Bridgerton-sjåarar elskar, skriv meldar Rakeb om kjærleiksdramaet som nettopp har kome på Netflix.

Rakeb Berhanu Erana
Publisert

Denne kurtiseringsesongen i Bridgerton byr på fleire perler enn det me har sett til no. Det er fleire ekstravagante ballkjolar, meir krydra sladder og mange nye skandaløse paringar.

Sesong tre av Bridgerton har Penelope Featherington spelt av Nicola Coughlan i hovudrolla, og Colin Bridgerton spelt av Luke Newton som hennar romantiske interesse.

Bridgerton sesong 3 – del 1

Nasjonalitet/språk: USA, Engelsk

Serieskaparar: Chris Van Dusen

Noregspremiere: Netflix, 16. mai 2024 (del 2 kjem 13. juni 2024)

Aldersgrense: 16 år

Sjanger: Perioderomanse, drama

Speletid: 54–58 minuttar

Episodar: 8 (i del 1 og 2)

Lady Whistledown

Eloise har oppdaga at Penelope er sladreskribenten Lady Whistledown. Dette fører til slutten av venskapet deira. Penelope har blitt kutta ut av Bridgerton-krinsen, men ho er framleis venar med Colin.

Dette tredje året til Penelope for kurtisering – viss ikkje ho giftar seg snart, har ho ikkje noko håp for kjærleik i framtida. Colin bestemmer seg for å hjelpa Penelope å finna ein ektemann, noko som ikkje heilt går etter planen.

Hovudparet i denne nye sesongen er Penelope og Colin. Paret har mykje kjemi frå før av i kraft av venskapet deira, og endeleg får følelsane Penelope har for Colin plass til å bli utforska. Dessutan blir ein meir kjend med Penelope, og finn ut kva motiv ho har. Forholdet deira er prega av gripande drama, sensuelle sener og vendingar – dette er kjenneteikn på kvart par i Bridgerton.

Sjølv om ein blir betre kjend med Penelope, er det framleis vanskeleg å heia på ho på grunn av smerta ho har påført Bridgerton-familien som Lady Whistledown. I nokre sener verker det som om serieskaparane ikkje tek omsyn til alvoret i handlingane til Penelope. Penelope sjølv reflekterer ikkje djupt over handlingane hennar – ho står fram egoistisk, og er til tider vanskeleg å lika.

Kjærleik og venskap

Del ein av Bridgerton sesong tre har tatt med seg dei gode kvalitetane Bridgerton-sjåarar elskar. Alt frå utruleg vakkert seneoppsett og kostymedesign, dynamiske karakterar med spennande handlingar, og gøyale klassisk-musikkcover av moderne popsongar. I tillegg til å vera på same kvalitetsnivå som førre sesongar, introduserer del ein av sesong tre nye element til Bridgerton-universet.

Resten av rollebesetninga består av Eloise Bridgerton (Claudia Jessie), Violet Bridgerton (Ruth Gemmell) og resten av Bridgerton-borna. I tillegg vender dronning Charlotte (Golda Rosheuvel) og Lady Danbury (Adjoa Andoh) tilbake, og me får møta heilt nye karakterar.

Dei andre forholda i denne nye sesongen tek glansen frå hovudparet Penelope og Collin. Blant desse forholda finn ein det nye venskapet mellom Eloise og Cressida Cowper (Jessica Madsen). Det er alltid forfriskande når seriar sentrert rundt kjærleik og forhold set venskap på same nivå som romantiske forhold. Gjennom venskapet mellom Eloise og Cressida, ser ein nye nyansar av begge karakterane, spesielt Cressida. Ho viser seg for å vera meir enn berre irriterande og slem.

Fleire romansar

Del 1 av Bridgerton sesong tre byr på alt som gjer Bridgerton til eit godt kjærleiksdrama, og fører Bridgerton i riktig retning framover. Dessutan er det eit smart val av serieskaparane å ha fokus på fleire par for ein meir spennande sesong.

Francesca Bridgerton (Hannah Dodd), nest yngste Bridgerton-dottera sitt forhold til ein ny mystisk lord stal denne sesongen. Sjølv om Francesca får mindre tid på sena enn det ho fortener, strålar ho i alle senane sine. Ho skil seg ut i Bridgerton-søskenflokken, og aristokratiet – noko som blir sett på som dårleg, men ho let ikkje seg påverka av det. Francesca er eit forfriskande pluss til karakterkatalogen, og eg gler meg til å sjå meir av ho og hennar unike kjærleiksinteresse.

Denne meldinga er basert på del 1 av sesong 3, del 2 kjem ut 13. juni 2024.