Framtida
Publisert
Oppdatert 19.01.2018 18:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Bokomslag

Bok: Vidunderbarn Forfattar: Roy Jacobsen Forlag: Cappelen Damm, 2009

*Eit lite føreord*Kjære Magasinettlesarar.

Eg tenkte at de skal høyre om dei heitaste bøkene. De skal bli oppmoda til å lese dei bøkene som virkar viktigast akkurat no. Eg ville melde “Min Kamp” av Karl Ove Knausgård. Magasinett-redaktør Elin og eg var einige i at det var rett.

Eg skreiv til Oktober Forlag, og bad om å få tilsendt eit meldareksemplar.

Men Oktober sa nei. Det er uvanleg at meldarar ikkje får meldeeksemplar. Så eg spurte kvifor. Eg spurte på e-post. Vi har ikkje fått svar, og veit ikkje kvifor Oktober Forlag seier nei.

Eg sitt på Island når eg skriv dette. Det er difor de får artiklar herfrå, i Magasinett. Ein av dei eg intervjua, heiter Einar Már Gudmundsson, og skryt av norske forfattarar. Han er glad i Roy Jacobsen.

“Ein fin person”, seier Einar. Difor melder vi Vidunderbarn av Roy Jacobsen. Ei fin bok av ein fin fyr om ein fin fyr som heiter Finn. Boka er så fin; så velkomponert, og fortalt i eit så stilsikkert, støtt og gjennomført språk, at Jacobsen fekk Bokhandlarprisen, og var nominert til Brageprisen.

Finn var eit vindunder allereie etter eit par kapittel. Ikkje eit vidundervidunder. Det tippa ikkje over. Men den kjekkaste guten i klassen, for å seie det slik. Eg venta på at det skulle tippe.

Eg tenkte at “Vidunderbarna” kanskje blei vidunderleg vidunderlege: At Roy skulle tematisere “Vidunderbarn”, sette dei på spissen, og lage eit kunstverk kor alle trådar var med på å hekle i hop eit vidunderleg, snilt, sekstitalsbarn.

Men Roy er ikkje ein sekstitals postmodernist. Han er ikkje konseptkunstnar. Han fortel historier. Enkelt og greit. Og han fortel dei godt:

*1. Kva historie Jacobsen fortel*

Jacobsen fortel denne historia gjennom den 10-12-årige Finn. Finn bur i ei OBOS-blokk i lag med mora si. Far hans døydde i ei arbeidsulykke. Difor må mor hans jobbe på skobutikk for at dei skal klare seg. På den tida er det bare arbeidarklassemødre som jobbar. I den øvre middelklassen er mødrene heime. Der er mødre nestan bare mødre.

Mor til Finn blir etter kvart også mor til eit fosterbarn som ho må ta til seg. For å klare dei nye utgiftene, må ho også leige ut det eine av dei to romma i OBOS-bustaden deira. Finn, mora, og den nye fosterdottera søv på same soverom. Kristian, leigebuaren, bur på det andre.

Dette er med andre ord ei historie frå den tida då fellesskapstanken sto sterkt. Den er frå den gongen då ein ikkje hadde all verdens ting, men delte det vesle som fanst.

Det er ei historie om sosialdemokrati, om burettslag, om retten til å bu, til å finnast, og ha skuleplass, uansett kven ein er, og om ein er sterk eller svak. Det handlar om dei sterke: Om dei svære, bøllete gutane som Dundas, Freddy 1 og Freddy 2, og om dei mindre gutane, som Finn, og mora hans, som ein vakker sommardag plutseleg ikkje klarar alt lenger. Finn og Linda blir att ute på øyene i Oslofjorden, medan mor deira blir lagt inn på sjukehus.

*2. Korleis han fortel den*

*2.1. Fortellarstemma.*

Fortellaren, Finn, er ein grei gut. Han fortel på ein grei måte. Språket er korrekt, truverdig og sobert som Einar Gerhardsen.

Fortellaren står i stil med tida han fortel om: Tida då sosialdemokratiet fann forma for alvor. Også difor skal ikkje historia bli tatt til ein ekstremitet.

Den skal fortsette med å vere sånn passe; passe snill, passe kjekk; aldri for tydeleg, for då blir den nedsettande. Den skal heller ikkje vere for djup, for då stenger den folk ute.

Men no og då blir det for flatt:

*2.2. Karakterbygging.*

Dette er det einaste eg har å utsette på Vidunderbarn: Eg synes at karakterane er litt flate, og einsretta. Linda, Finn, Freddy’ane, Dundas og leigebuaren Kristian virkar å ha kvar si rolle. Ei rolle kvar.

Linda er den tyste, som folk trur er åndssvak. Finn er den greie. Ja, han er så grei at det blir typisk greitt. Finn er ein karakter eg har sedd før. Han er i bøker av Lars Saabye-Christesen.

Han minner om Barnum frå Halvbroren, om Hermann, og om eit par av gutane i Beatles og Bly. Dei har stutte og lite framfuse namn, som Kim, Ola, Seb, Fred, Gunnar, Hermann, og er joviale.

Dei heng i hop i gjengar. Om noen i gjengen råkar utfor, stiller dei opp. Når Dundas mobbar Linda, tar Finn til nevane, og slår og sparkar. Det medfører brukne ribbein og relativt alvorlege skadar. Men sjølv dette er ikkje det dramatiske høgdepunktet i boka:

*2.3. Dramaturgi.*

Jacobsen begynner ekstremt elegant. Dei første, par kapitla går med til å sette scenene. Vi får eit innblikk i miljøet kor Finn og mora bur. Finn skildrar påfallande inngåande dei andre jentene i burettslaget.

Tvillingane til naboen, t.d. Og så kjem det, i slutten av andre kapitlet: Finn har ei ukjent veslesøster. Og ikkje bare det. Denne søstera har det ikkje så greitt heime. Ho skal flytte inn hos Finn og mora. Og dei skal altså sove tre saman på eitt rom.

Korleis i skal dét gå? Eg er spent. Eg ventar på å høyre framhaldet. Men akkurat då, blir eit nytt element kasta inn. “Kristian” blir leigebuar hos Finn og mora.

Kristian har TV, og er skildra på ein måte som får meg til å tenkje på nyhendeopplesarar i NRK frå 60-talet. Han blir eit frisk pust av “mannlegdom” mellom alle jentene.

Det bygger seg opp ei spenning i forholdet mellom Kristian og mor til Finn. Korleis skal dét gå? Eg er spent. Og då kjem Linda.

Og veit de kva? Ho snakkar ikkje? Grøss! Spenninga er på sitt høgste her, for meg. Linda snakkar ikkje. Men ho har store, blanke, opne auger. Det skjer utvilsomt ein del under topplokket. Finn trur i alle fall dét. Men det kjem ikkje eit ord.

Eg trur at dette med stilla er “Det Store Grepet” til Jacobsen. At stilla skal bygge seg opp, heilt til Linda, i ein stor finale, endeleg opnar munnen, og avslørar at ho er eit vidunderbarn. Men nei. Dagane ruslar avgårde etter at Linda er i hus.

Dei gjer små og store ting; drar ut på Øyene og badar, og akar kjelke i Bakken. Plutseleg så har Linda begynt å snakke litt. Det skjer oftast indirekte, gjennom Finn. No og då er det replikkar frå Linda:

– Er du der Finn?

– Lås opp, da!

Heilt greie replikkar, som på ingen måtar utløyser den spenninga som har bygd seg opp i meg. Linda er verken eit vidunderbarn eller eit monster. Tvert om. Ho er heilt grei. Ho bare snakkar ikkje så mye.

Flaks, då, at ho har ein bror som snakkar mye, godt, og for dei båe. Både til oss, romanlesarar, og til lærarane og dei vaksne rundt Linda.

Men rart, også, at Finn ikkje er meir nysgjerrig på Linda, til at han utforskar enno meir kva det er med ho, og ikkje bare kva det er med hans forhold til ho. For det er jo ikkje barne-Finn som snakkar. Såpass skjønnar lesaren.

Det er tilbakeblikk, dette, fortalt av ein vaksen Finn. Litt psykologisering skadar ikkje, når det kjem frå ein så overtydande fortellar.

*3. Oppsummering*

Einar Már Gudmundsson var kommunist då han var ung. No er han nærmare sentrum. Nestan sosialdemokrat. Er det difor han liker Roy Jacobsen? Det er ikkje utenkeleg at dét har med politikk å gjere.

Eg les Vidunderbarn som ei lærebok i den sosialdemokratiske livsstilen. Jacobsen sitt grep er å dra Linda, den “rå”, inn i ei OBOS-blokk. Storebror Finn må lære ho korleis alt fungerar.

Linda, friken, er udanna, er ein sånn som spis sjokolade på ein grådig måte, som smugspis frå kjøleskapet om natta, og som har ukjemma hår.

Han lærer ho korleis sosialdemokratiet fungerar: Korleis ein blir som alle andre; korleis ein et to skiver med ost, korleis ein kjem inn i normalklassen, og ikkje hjelpeklassen, osv.

Etter ein månad i lag med Finn, vindunderbarnet, og mora hans, den gode, får Linda ei lyseblå spenne i håret, og luktar ikkje rart lenger. Men nabokidsa er framleis småbøllar som ikkje kastar skugge, som ikkje har gråtonar, ingen nyansar.

Finn er ein perfekt gerhardsensungdom. Han gjer ikkje noe galt. Det er ikkje eit fingermerke på glasa etter at han har tatt oppvasken. Han er den sindige når mora blir gæren.

Når mora ikkje er gæren, er han i union med ho, ein løynd sådan, som har følgande prosjekt: Finn, den gode, gjer godt for Linda. På mange måtar ei god bok. På noen måtar, litt for god, litt for snill, litt enkel.