Vil skaffe fleire unge bønder

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Målet med arbeidsgruppa er å finne ut korleis ein på best mogleg måte kan legge til rette for at ungdom vil etablere seg i det tradisjonelle landbruket og bygdenæringane.

LES OGSÅ: Bloggande bygdetulling

Administrerande direktør i Ungt Entreprenørskap Anne Kathrine Slungård leier gruppa. Dei andre medlemmene i arbeidsgruppa er Brita Skallerud frå Norges Bondelag, Therese Rudi frå Norsk Bonde- og Småbrukarlag, bonde i Vestfold og kommunestyrerepresentant for Frp Per Manvik, vinnar av kåringa Årets unge bonde Tor Jacob Solberg, Sissel By Ingvaldsen frå Oppland fylkeskommune, direktør i Innovasjon Noreg Sogn og Fjordane Halvor Flatland, og Marthe Bay Haugen frå Landbruks- og matdepartementet.

Arbeidsgruppa skal levere ein rapport innan utgangen av 2015.

LES OGSÅ: Fryktar bonde-kannibalisme