Vil ha vekk skole i skulebøkene
Elevrådsleiar Morten Habbestad vil kvitta seg med "skole".
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Leiaren i elevrådet på Stord vidaregåande skule, Morten Habbestad, har sendt brev til Språkrådet og protestert på at ordet "skole" konsekvent vert brukt i nynorske skulebøker.
"Alle i Sunnhordland skriv og seier skule, men me er redde for at dersom det held fram med å stå "skole" i nynorsk skulebøkene våras, så vil det påverka dei barna som går på barneskulen, dette meiner me er svært uheldig. Me ynskjer ei forklaring på kvifor dette ordet er lov å skriva på nynorsk!!" skriv Habbestad, som forlangar eit grundig og godt svar snarast mogeleg.
Ordet skole blei jamstilt med skule i 1959, og har vore så å seia eineform i statlege skriv sidan.
Er det ok å bruka ordet "skole" på nynorsk? Eller bør det berre vera lov å skriva "skule"?