Vil ha nasjonale symjeprøvar
KrF meiner nasjonale symjeprøvar er løysinga på den dårlege symjeopplæringa i Noreg.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Forslaget kjem i samband med kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) sitt møte med Svømmeforbundet i dag, skriv Dagsavisen.
Etter fleire alvorlege drukningsulukker for born den siste tida vil kunnskapsministeren og Svømmeforbundet samarbeida om ei bedre løysing. Det støttar KrF.
– Eg er glad for at kunnskapsministeren ønskjer å betra symjeundervisinga i skulen og vil anbefala at han ser på KrF sitt forslag frå 2012, seier Anders Tyvand (KrF), som sit i utdanningskomiteen på Stortinget, til Dagsavisen.
Den gong foreslo KrF nasjonale prøvar i symjing i fjerdeklasse, sin ein del av Kunnskapsløftet sitt mål om at alle born skal vera symjedyktige etter fjerdeklasse.
Dårlege tal
I fjor avslærte ei undersøking gjennomført av Ipsos på oppdrag for Norges Svømmeforbund at berre halvparten av femteklassingane i Noreg kunne symja 200 meter. Til samanlikning kunne 92 prosent av femteklassingane på Island symja same distanse, og 85 prosent av dei svenske femteklassingane. Noreg kom dårlegast ut av dei nordiske landa i undersøkinga.
Krevjer handling
Svømmeforbundet håpar at ord blir handling når symjeutdanninga no skal diskuterast, og trur resultata frå undersøkinga vil heta opp debatten.
– Temaet er oppe kvart år i mai/juni, og så kjem nokre fagre ord, seier preisenten i forbundet, Per Rune Eksnes til Dagsavisen.
– Det må setjast av pengar til etterutdanning av lærarar som kan undervisa i symjing. Så må Kunnskapsdepartementet stilla seg bak ein klar definisjon av kva symjedyktigheit er, held han fram.