Vil gjera det lettare for arbeidslause

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Situasjonen er ikkje heilsvart

– Opptrapping med 1.000 nye tiltaksplassar er ei rett satsing som vil bidra til at folk ikkje blir gåande ledige over lang tid, seier arbeids- og sosialminister Robert Eriksson (H).

– Eg har forståing for alle dei som no er uroa over jobbutsiktene. Men det er viktig for meg å understreke at situasjonen ikkje er heilsvart, det er heile tida mange ledige jobbar, seier Eriksson.

LES OGSÅ: Arbeidsløysa større enn statistikken

Regjeringa går også tilbake på innstrammingane i permisjonsreglane, som tredde i kraft 1. januar 2014. Dette er i tråd med krav frå NHO, LO og YS.

Lønnsplikta til bedriftene blir foreslått redusert frå 20 til 10 dagars permisjon frå 1. juli i år, og permitterte får samtidig høve til å søkje om dagpengar i 30 veker mot 26 i dag.

– Dette kjem til å få støtt frå Arbeidarpartiet, seier partiets finanspolitisk talsperson Marianne Marthinsen.

Ho ser likevel reviderte nasjonalbudsjett som eit forsøk frå regjeringa på å dempe skadeverknader av eigen politikk.

– For første gong på ti år opplever vi at arbeidsløysa er på over 4 prosent. Regjeringa held fast ved at store skattekutt er deira viktigaste tiltak mot denne alvorlege utviklinga. Dette er eit gammaldags svar, og ein politikk som regjeringa sjølv seier ikkje verkar, seier Marthinsen. (©NPK)

LES OGSÅ: Eitt skritt nærmare jobb