≡ Meny
Framtida

i samarbeid med ABC Startsida

Tema: Sex og samliv, sexkjøp

Unge byter sex mot gåver og vennskap

I nokre ungdomsmiljø i Oslo er det akseptert å byte sex mot gåver, pengar eller mat. Vaksne har behov for meir kunnskap for å samtale med ungdomane om temaet, ifølgje rapport.

Åsmund H. Eikenes
fredag 17. februar 2017 13.16

Unge byter sex mot gåver og vennskap Illustrasjonsfoto: Unsplash / Remi Walle

Dagens ungdom er «prektigare enn nokon gong», men det er behov for meir kunnskap om unge som byter sex.

Det er ein av konklusjonane i ein ny rapport (pdf) frå Pro Sentret.

I arbeidet med rapporten har forskarane fått kjennskap til ungdomsmiljø der byte av sex føregår. I nokre miljø er det akseptert, og ungdomane sjølv anser ikkje handlingane som ein form for «prostitusjon». I andre ungdomsmiljø vert praksisen sett ned på, og det er truleg at byte av sex foregår i skjul, påpeikar forskarane.

Funna tilseier likevel ikkje at det er vanleg blant ungdom i Oslo å byte sex og forskarane. Ifølgje forskarane har fleirtalet av ungdommane eit godt forhold til vener og foreldre, dei trivst på skulen, er aktive på fritida, har god helse, rusar seg lite og begår ikkje kriminalitet.

Byte av sex skjer, ifølgje rapporten, i «gråsoner knytt til forelsking, utforsking av seksualitet, utforsking av andres/eigne grenser, press, prostitusjon, tvang, overleving og som ein løysing på ein vanskeleg livssituasjon.»

Innpass, opprør, pengar og mat
I fjor vår rapporterte Aftenposten om unge jenter som bytte sex for å feste med russen, men russegutane avviste at det var tilfellet.

Det er ifølgje Pro Sentret fleire grunnar til at nokre ungdom i Oslo byter sex. I kartlegginga kom det fram eksempel frå ungdom som byter sex for å få innpass, andre som gjer det som eit ungdomsopprør mot «flinkis»-stempel, samt unge som byter sex som opptaksprøve til arrangement.

Byte av sex skjer i nokre miljø i samband med festing, med høgt inntak av alkohol og eksperimentering med illegale rusmiddel som marihuana, kokain og MDMA.

Rapporten fortel også om byte av sex mellom unge og vaksne, der både gutar og jenter byter sex mot pengar, gåver, reiser, taxiturar og hotellopphald, samt fordi dei treng mat eller ein stad å overnatte.

Kommentar: Det er lett å google klamydia og «how to make babies»

Treng auka kompetanse
Rapporten baserer seg på 46 intervju med representantar frå hjelpeapparatet, erfaringar frå brukarane av Pro Sentret, samt to samtalegrupper med til saman 10 unge.

Informantane kom mellom anna frå frivillige organisasjonar, skulehelsetenesta, offentleg forvalting, politi, helsestasjonar, barnevern, rusomsorg, kriminalitetsførebyggjande arbeid, psykisk helse, institusjoner, forsking, prostitusjonstiltak, oppsøkjande uteteam, NAV, familiesenter og ulike ungdomstiltak/tilbod.

Dei fortel at dei ikkje jobbar systematiske med temaet, og at dei heller ikkje har den nødvendige kompetansen eller retningslinjene for slike samtalar. Kartlegginga avdekkar også heteronormative tilnærmingar til dei unge, samt at temaet vert tatt opp sporadisk og litt tilfeldig.

Betre seksualundervisning
I innleiinga til rapporten skriv leiar av Pro Sentret, Bjørg Norli, at «seksualitetsundervisinga i skulen må styrkast og personar som jobbar med unge må få tilførast kompetanse».

Dagleg leiar i Sex og Politikk, Tor-Hugne Olsen, er einig. Organisasjonen står bak Veke 6, eit gratis undervisningstilbod for lærarar og elevar frå 1. til 10. trinn.

Olsen fortel at dei eldste elevane kan ha nytte av temamateriella «Mine og dine grenser» og «Sosiale medier», som mellom anna inneheld relevante diskusjonsoppgåver om byte av sex.

– Målet er at elevane sjølve skal reflektere over eigne og andre sine grenser, seier han til Framtida.no.

Olsen trekk fram at undervisningsopplegget ikkje byggjer på ein peikefinger-tilnærming, men at elevane får diskutere seg fram til handlingsalternativ og moglegheiter i fellesskap. Han er positiv til at rapporten frå Pro Senteret løftar viktigheiten av seksualitetsundervisning.

– Høg og relevant kompetanse om seksualitet er viktig både for unge og vaksne, seier han.

Les innlegget til Rikke Næss: «Me rullar, me drikk som aldri før, og me bruker mykje pengar på russetida. Men presset er høgare i Oslo.»


Oppdatert: fredag 17. februar 2017 17.18
Kommentarar



Faktaboks

Rapporten frå Pro Senteret fortel at det er mange ulike grunnar til at unge byter sex.

Nokre gjer det for å få innpass, som ungdomsopprør eller som opptaksprøve, medan andre gjer det i byte mot pengar, gåver, reiser, taxiturar og hotellopphald, mat og overnatting.

Kjelde: Pro Sentret

 
ANNONSE: