≡ Meny
Framtida

i samarbeid med ABC Startsida

Tema: språk, Donald Trump

Trump er ein eigen og tverr kar

… ifølgje Nynorskordboka.

Andrea Rygg Nøttveit
torsdag 26. januar 2017 10.30

Trump er ein eigen og tverr kar Donald Trump fotografert på ein politisk konferanse i 2013. Foto: Gage Skidmore, Cc commons

I gårsdagens episode av «Eides språksjov» på NRK tok programleiar Linda Eide fram nynorskordbok frå 1985 og las definisjonen av ordet trump:

«Ein trump er ein stor, tung og stiv skapning. Det kan òg vere ein egen og tverr kar. Ordet trump er også eit adverb som betyr truging, tvang, press, makt eller hard metode,» forklarar ho.

Døma i ordboka er «å ta nokon med trump eller få gjennomført noko berre med trump,» skriv NRK.

– Vi kan gløyme det med spynorsk ordliste. Dette er spånorsk ordliste, seier Linda Eide i programmet.

nynorskordboka på nett kan ein òg lesa at trump kan vera ein geværkolbe.

På bokmål betyr det å vere trumpet eller trumpete å vera mutt, tverr og uomgjengeleg. Ordet kjem av dialektordet trump, som er «ein vrangvillig kar». 

President Donald Trump har allereie fått delar av æra for at «post-truth» vart kåra til årets ord av Oxford-ordboka. 


Oppdatert: torsdag 26. januar 2017 10.43
Kommentarar



 
ANNONSE: