Truleg nei til Vestlandsregionen
Rogaland kjem til å stemme nei til forslaget om å slå saman dei tre fylka til Vestlandsregionen
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Til NRK opplyser gruppeleiar for FrP på fylkestinget i Rogaland, Anita Egeli, at Framstegspartiet seier nei til samanslåing av Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. Då kjem truleg også Rogaland fylkeskommune til å stemma nei.
– Fleirtalet ynskjer at Rogaland skal stå åleine som eige fylke, seier Egeli til NRK.
Fylkestinga gjer vedtak om Vestlandsregion denne og neste veke. I Sogn og Fjordane skjer vedtaket 6./7. desember, medan Hordaland og Rogaland gjer vedtaka sine 13./14. desember.
Les meir om Vestlandsregionen her!