Tre av ti strauk på matteeksamen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

På avsluttande eksamen i matematikk for andreklassingar i vidaregåande skule fekk 78 prosent av elevane karakteren tre eller dårlegare. Tre av ti elevar fekk stryk.

Tala kjem fram i rapporten til Utdanningsdirektoratet om førehandssensuren i matematikk for andreklassingar i vidaregåande skole.

Førehandssensur er eit uttrekk av rundt 750 eksamenssvar og gir eit godt bilete av totalresultatet, skriv VG.

LES OGSÅ: Lærarstudentar på u-landsnivå i matte

Snittkarakteren var 2,5, noko som blir rekna som svært lågt.

– Det har kome inn kommentarar frå 25 sensorar. Ut frå kommentarane var arbeidsmengda for stor og vanskegraden for høg, heiter det i rapporten.

Men Utdanningsdirektoratet meiner det verken var for mykje å gjere eller for vanskelege oppgåver i år.

– Ifølgje vår matematikkansvarleg er det ikkje noko spesielt i oppgåvene som tilseier at denne eksamenen skulle gi dårleg resultat, men vi kan ikkje seie noko konkret om denne eksamenen før sensuren er klar, seier kommunikasjonsrådgjevar Trine Oskarsen i Utdanningsdirektoratet.

LES OGSÅ: Frå matteskrekk til mattemeistring

Lektorlaget meiner på si side at nivået er nedslåande, og at det stadfestar varsel som medlemmene i Lektorlaget har komet med i 10– 15 år.

– Lektorar i vidaregåande seier at altfor mange elevar kan for lite matematikk når dei kjem frå ungdomsskulen, seier leiaren i Lektorlaget Gro Elisabeth Paulsen. (©NPK)

Korleis bør matteundervisinga bli betre?