Ti skeive lesetips for barn og unge

Åsmund H. Eikenes
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Kjærleik og identitet er og har alltid vore viktig i litteraturen. Forelsking og kjenslene knytte til å vere forelska er like om du er homo eller hetero, seier Ole Ivar Storø i foreningen !les.

Han peikar på at samfunnet har endra seg i synet på det å vere skeiv. Stadig fleire bøker for barn og unge tek på ulikt vis føre seg identitet, kjønn og seksualitet.

Storø har sett saman ei liste over nokre av dei skeive bøkene for barn og unge frå dei siste åra.

– Det kom fleire norske titlar i 2016, men så langt i 2017 er det i størst grad omsette titlar. Det blir spennande å sjå om den norske bokhausten følgjer opp tendensen frå fjoråret, seier han.

Har du fleire bøker du vil tilrå? Skriv dei i kommentarfeltet under!

God lesing!


Ole Ivar Burås Storø i foreningen !les. Foto: Kristin Strøm

 

Ti skeive lesetips for barn og unge:

Leons hemmelighet av Tor Fretheim

Nærmere kommer vi ikke av Monika Steinholm

Simon og homosapiens-agendaen av Becky Albertelli

Slagside av Heidi Sævareid

Jeg håper noen kan høre meg av Alice Oseman

Bare du av Anna Ahlund

Som ild av Sara Lövenstam

Kunsten å være normal av Lisa Williamson

En bror for mye av Linde Hagerup

Guttene av Jessica Schiefauer

 

Oppdatering: 

Via Twitter har redaksjonen fått innspel om to bøker til:

Engel i snøen av Anders Totland

Flukt av Alte Hansen

 

God lesing!

 

LES OGSÅ: Skeiv litteratur er både spegel og vindauge


James Dickson (29) skulle ønske at det fantes fleire bøker om skeive personar då han var tenåring. Foto: Åsmund H. Eikenes.