Tenkte seg frå Frp til Ap

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

Stig Ove Ølmheim blei i haust valt som tidenes yngste formannskapsmedlem i Sogndal.  Han har vore leiar i Framstegspartiets Ungdom i Sogn og Fjordane og har òg skrive kommentar-artiklar for Framtida.no. Sist sommar jobba han for stortingsgruppa til Framstegspartiet – noko han samanlikna med å vinna i Idol.

Men for få dagar sidan tok han det endelege valet om å melda seg ut av Framstegspartiet.

– Eg har valt dette fordi eg har hatt ein modningsprosess og kome fram til at ideologien min ligg i dei sosialdemokratiske verdiane, forklarar han til Sogn Avis i dag.

Ikkje på grunn av enkeltsaker
Han tilbakeviser at det er noko enkeltsak som får han til melda seg ut av Framstegspartiet, og seier han er god ven med alle Frp framleis.

– Det er ideologien som er drivkrafta for valet mitt. Eg trur på den sosialdemokratiske modellen og på fellesskapsløysingar, fortel han til Framtida.no.

– Eg tykkjer det er viktig å vera heilt open om prosessen eg har vore gjennom. Det har eg også fått mange gode tilbakemeldingar på, fortel han.

Ølmheim vil halda fram i dei politiske verva sine i Sogndal, men frå no av vil han vera med i Arbeidarpartiet si gruppe.