Tapar millionar på samanslåing

Fjell, Sund og Øygarden i Hordaland har funne ut at dei vil tape mange millionar på å slå seg saman.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tapar millionar på saman- slåing

Det er ikkje sjølvsagt at småkommunar kan spara pengar på å slå seg saman til ein storkommune. Dei tre Hordaland-kommunane Øygarden, Fjell og Sund har engasjert eit konsulentfirma for å finne ut om ei samanslåing vil lønne seg. Konklusjonen frå konsulentfirmaet Agenda Kaupang var negativ. Kommunane vil tape nesten seks millionar kroner kvart år i 10 år og deretter rundt 40 millionar kroner årleg.

– Dette handlar i stor grad om det såkalla basistillegget som du får om du er ein eigen kommune. Det vil etter ei samanslåing falle bort. Prosentuelt er dette småpengar, men det blir altså tap og ingen gevinst, skriv redaktør og forfattar Olav Kobbeltveit i ein kommentar i Bergens Tidende.

Han fortel vidare at Fjell, Sund og Øygarden nå har vald å sjå på nye samarbeidsløysingar, mellom anna på skulesida, for å spare pengar. Samarbeid om barnevern er allereie etablert.

– Det er meir å henta på slikt samarbeid enn samanslåing. Sentrale forsøk på å tvinge små kommunar til større einingar – gjennom tvang – er langt på veg ”dårers tale”. Det som kan setje fart i prosessen er aktiv bruk av gulrot, i form av rammevilkår som gir éin stor kommune betre økonomi enn tre mindre, meiner Kobbeltveit.

LES SAKA I LNK.no!

Kva meiner du? Bør ein ha tvang eller gulrøter for å få fleire kommunesamanslåingar? Eller er det best utan?