Store namn til nynorskfestival

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nesten inst i Sogn skapar dei i haustmørkret eit kulturarrangement som fokuserer på nynorsk litteratur og språk

Prosjektleiar Arve Tokvam gler seg, slik han gjer kvart år.

– I år har eg fått tilbakemeldingar på at programmet er svært godt og har stor spennvidd. Det merkar me på kva type billettar folk kjøper. I år vil folk vere her over fleire dagar. Dei kjøper ikkje berre enkeltbillettar, seier Tokvam.

Kvart år har dei besøk av nokre av dei største namna innanfor nynorsk litteratur og musikkliv. Til dømes Frode Grytten, Ragnar Hovland, Tove Bakke, Rønnaug Kleiva, Linda Eide, Ola Bremnes, Sigrid Moldestad, Geirr Lystrup og Olav Stedje.

Godt rykte
Prosjektleiar Arve Tokvam fortel at dei kjenner seg heldige med artist- og forfattarlista på årets festival.

– Me har vore heldige med namna. Høgdepunkta er kanskje barnebokforfattar Maria Parr, Spindel DUO med Sigrid Moldestad og Liv Merete Kroken. Av andre kan eg nemne Erling Lægreid, held han fram.

– Me har fått eit nettverk. Artistane og forfattarane kjenner oss og snakkar godt om oss til andre.

Men han ventar ikkje at billettsalet nokon gong skal ta heilt av.

– Me er ein smal festival. Me hadde ei positiv utvikling i 3– 4 år, men så kom det ein nedgang i fjor. Men i år har salet av billettar auka igjen, og me sel bra.

Lokale tradisjonar
Staden er Fretheim hotell i Flåm, i tillegg til fleire lokale barar. Men sidan oppstarten har også kyrkjene, Flåmsbana og Nærøyfjorden vorte nytta som scene for nynorskkultur.

Tokvam seier at festivalen betyr mykje for lokalsamfunnet.

– Det skjer ikkje så mykje på desse kantar, særskilt ikkje på denne tida av året. Det gjer at me blir veldig synlege. Mange dreg til og med fram festivalen som ein grunn til å busetje seg i desse stroka, fortel Tokvam.

Historia til dei Nynorske litteraturdagane tok til då ordføraren Olav J. Ellingsen tok til å dele ut nynorske songbøker til alle nyfødde born i kommunen. Seinare starta kommunen prosjektet « Song for livet», ei kultursatsing som handla om den nynorske songskatten. Og til slutt prosjektet LITTKRIT som gav ungdom tilbod om sommarjobb, der dei fekk lese og analysere norsk samtidslitteratur. Nynorske Litteraturdagar er ei vidareføring av desse satsingane. Nynorske Litteraturdagar går i år av stabelen frå 28. til 30. oktober (©NPK)