Står på bokmålstvang i Oslo

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Står på bokmåls- tvang i Oslo

Skulebyråd Torger Ødegaard har vore ein ivrig forkjempar for å gjera det frivillig for elevar i vidaregåande å ta sidemål. Men når det gjeld kommunalt tilsette vil han ikkje opna for meir valfridom i bruk av målform.

Onsdag skal finanskomiteen ta stilling til Raudt sitt forslag om å gjera hovudstaden til ein verkeleg språknøytral by.

LES OGSÅ: Populisme frå Ødegaard

I si innstilling skriv Torger Ødegaard at han ikkje ser gode grunnar til å endra på vedtaket i 1977. Han står fast på at bokmål framleis skal vera administrasjonsspråket i Oslo. Dette betyr at kommunale tilsette må skriva bokmål i brev og utgreiingar til kommunale organ og liknande.

Gjev unntak for nynorsk
Det einaste unntaket frå bokmålstvangen er i dei tilfelle ein kommunalt tilsett skal svara på brev frå ein organisasjon eller privatperson som skriv på nynorsk. Då er det frivillig å svara på nynorsk.

Raudt føreslår at kommunen skal ha plikt til å svara folk på det språket folk skriv til kommunen på, slik det elles skal vera vanleg i offentleg forvaltning.