Språkmobbing

Vebjørn Sture
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eg prøver til vanleg å unngå ordet mobbing. Det sit så laust, har vorte så utvatna. Men når eit stort firma bruker dialekten til dei tilsette på ein snart nedlagt arbeidsplass til å gjera narr av dei, då finst det ikkje noko anna ord å bruka.

Saka sprakk i NRK sist fredag. Det har lenge vore ei kjent sak at opplysningstenesta 1881 har hatt telefonsentral i Lærdal i Sogn – og det har også vore kjent at den same avdelinga skal leggjast ned i sumar. Det burde i alle fall vera godt kjent for konkurrenten 1888, som har laga reklamevideo for å drita ut lærdølane hjå 1881.

I reklamen underbyggjer 1888 slagordet «1888 – Den raske nummeropplysningen» med å visa ein sekvens der kunden får ekstremt langtekkjeleg og omstendeleg hjelp frå ei opplysningsdame som snakkar sognemål. 1881 er ikkje nemnde med ord, men kor mange opplysningssentralar finst det i Indre Sogn? Insinuasjonen er heilt openberr: Dama i 1881-reklamesnuttane er ein karikatur av 1888 sine fremste konkurrentar, altså 1881.

Det vil seia, ikkje ein karikatur av sjølve firmaet. 1888 drit ikkje ut firmaet 1881, dei drit ut dei tilsette i 1881, kvinnene som arbeider ved telefonsentralen i Lærdal. For det er nettopp dei tilsette som vert mobba.

For å klårgjera ordbruken: Å hakka på konkurrerande firma i ein TV-reklame, ville ikkje kvalifisera til mobbing. Barnsleg? Ja. Usakleg? Ja. Men ikkje mobbing, fordi det fyrst og fremst ville vera snakk om å gje ein på trynet til nokon på din eigen storleik – eller større, som fint ville rista det av seg.

Å framstilla og hengja ut sjølve arbeidstakarane, derimot, det er ikkje å slå oppover, eller til sida. Det er å slå brutalt nedover, mot nokon som ikkje har moglegheit til å kjøpa reklameplass på TV til å forsvara seg. At dei det gjeld attpåtil sit på oppseiing i ei snart nedlagt avdeling, gjer ikkje saka betre.

Så mobbing er det, utan tvil. Men språkleg mobbing? Lat meg forklara: Hadde 1888 gått til åtak på sjølve firmaet 1881, ville dei kunna legitimera (eller i alle fall bortforklara) reklamen ved å visa til at dei gjer narr av firmaet, ikkje einskildpersonar. Men 1888 identifiserer ikkje karikaturen av dei 1881-tilsette med firmanamn eller logo, dei identifiserer dei med dialekt.

Dialektbruk i reklame har etter kvart vorte svært vanleg, og takk og lov for det! Sjølv om det framleis finst dei som skjemmest over sin eigen dialekt, har me kome veldig langt i å likestilla ulike talemålsvariasjonar i Noreg, særleg jamført med mange andre land. Dersom 1888 hadde brukt heilt vilkårlege dialektar i reklamesnuttane sine, ville språkbiten vore OK. Men når dei framstiller konkurrenten sine tilsette som evneveike pludrekløner, og dei einaste ytterlegare eigenskapane dei vert tillagt er at dei er kvinner og snakkar sognemål, er ikkje dialektbruken gjort med respekt lenger. Då er dialektbruken eit verkemiddel for å blinka ut den påstått evneveike, som om dialekten var eit kjennemerke folk burde passa seg for.

Kort sagt er det stygt gjort. Særleg mot 1881-kvinnene i Lærdal, men også mot alle andre som kjem derfrå. Det er ikkje berre eit lyskespark mot ei bygd som slit med nedbemanning, men dei bruker jamvel deira eigen dialekt til å utføra sparket.

Det pinlegaste av alt? 1888-sjef Per Thomsen hevdar dialekten i reklamen er «heilt tilfeldig». No vel. Reklamefilmen som no skapar sinne, er ikkje den einaste. Også tidlegare har 1888 laga karikaturfilmar av 1881-kvinnene, til dømes denne:

og denne:

 

Merkeleg nok er både dialekten og karakterane heilt like også i desse to snuttane. Eg undrar kva sannsynet kan vera for at ein og same dialekt heilt tilfeldig vert utvald i tre reklamefilmar på rad, over ein periode på nesten to år. Kor mange gonger må lynet slå ned same plassen før bløffen vert openberr?

I alle fall: Dersom Per Thomsen faktisk snakkar sant, vil det seia at han og 1888 bruker drøssevis med pengar på reklame som er så lite gjennomtenkt at til og med språket er tilfeldig. Dimed kokar saka ned til eitt av to: Anten så lyg Per Thomsen, eller så er han inkompetent. Uansett kva svaret vert, er det lærdølane og dei 1881-tilsette som har fått svi for det.