≡ Meny
Framtida

i samarbeid med ABC Startsida

Tema: Nynorsk, Kringkastingsringen

Språkleg reise i eigen identitet

Den nye leiaren i Kringkastingsringen tok i mange år nynorsken for gitt. Så flytta ho til Oslo og merka at språket hennar var under press.

NPK – Kjell Åsmund Sunde
fredag 19. mai 2017 08.54

Språkleg reise i eigen identitet Guro Kvalnes er nyvald leiar i Kringkastingsringen. Foto: Kjell Åsmund Sunde/ NPK

– Det fremste målet til Kringkastingsringen er at alle journalistar skal få bruke språket sitt på jobb. Og at dei som nyttar nynorsk, samisk og ulike dialektar skal få lov å sjå språket i bruk, seier Guro Kvalnes som tidlegare i vår blei vald som ny styreleiar i Kringkastingsringen.

Kvalnes, som kjem frå Ullensvang i Hardanger, har vakse opp med nynorsk som hovudmål. Nynorsken var ein naturleg integrert del av kvardagen. Då Kvalnes flytta til hovudstaden for å studere utvida det språklege perspektivet seg.

– Eg merka at språket mitt var under press. Som nynorskbrukar var eg brått i stort mindretal.

Ho fortel at styreleiar-vervet i Kringkastingsringen er kome som eit resultat av ein lang prosess.

– Eg har ikkje vore spesielt aktiv i målrørsla. Då eg studerte var eg aktiv i studentradioen, Radio Nova. Eg fekk bruke nynorsk og dialekt der, men eg var i mindretal. Seinare byrja eg på Nynorsk mediesenter i Førde og engasjementet for nynorsken vaks gradvis.

Språkleg vaktbikkje sidan 1955

Kringkastingsringen blei skipa i 1955 og skal vere ein pådrivar for at medieverksemdene skal føre ein språkpolitikk som skal spegle språkmangfaldet i Noreg. Organisasjonen blei skipa som ein fraksjon av Noregs Mållag, fordi ein meinte det trongst meir arbeid retta spesifikt mot språkpolitikk i media.

– Vi jobbar mest retta mot NRK, grunna deira mål om 25 prosent nynorsk i alle sine publiserings-kanalar, men TV 2 er òg viktige, sidan dei har hatt status som kommersiell allmennkringkastar, seier Kvalnes.

Korleis jobbar de?

– Det viktigaste vi gjer er å dele ut Kringkastingsprisen ein gong i året. Den delar vi ut til ein journalist eller verksemd som har utmerka seg språkleg på radio eller fjernsyn. I 2016 var det nyheitsanker i TV 2, Arill Riise, som fekk prisen.

Kringkastingsringen jobbar òg med konkrete tiltak retta mot NRK.

– Vi har mellom anna årlege møte med kringkastingssjefen og andre i leiinga i NRK for å passe på at dei når 25 prosent-målet, seier Kvalnes.

Nynorskjournalistar på skulebenken

I slutten av april inviterte styreleiar Kvalnes og resten av Kringkastingsringen til open kveld. Her blei det mellom anna diskutert korleis journalistutdanningane i Noreg jobbar med språkleg mangfald.

– Representantar frå Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA), Høgskulen i Volda og Nynorsk mediesenter i Førde var på plass. Dei snakka om korleis dei driv språkopplæring. Det blei klart at dei gjer ting ulikt, fortel Kvalnes.

Korleis ulikt?

Representanten frå HiOA snakka til dømes om at dei tenkjer mykje språkpolitikk og allmennkringkasting i undervisninga. Han fortalde at det er viktig for dei å gi studentane ei medviten haldning til språkpolitikken vi har her i landet.

Trass i ei medviten haldning til språk på HiOA og ei journalistutdanning midt i nynorsk-gryta, i form av Høgskulen i Volda, er det få nynorskbrukarar blant journalistspirene.

– Vi snakka om dette under debatten. I eit kull på om lag 70 ved HiOA er det i snitt to som har nynorsk som hovudmål. I Volda ligg snittet på rundt ti nynorskbrukarar per kull, fortel Kvalnes.

Høgskulen i Volda fekk kritikk frå Nynorsk mediesenter under debatten.

– Magni Øvrebotten frå Nynorsk mediesenter meinte at Høgskulen i Volda må ta særskilt ansvar for å utdanne nynorske journalistar. Dette grunngav ho med deira geografiske plassering, seier Kvalnes.

Born skal kjenne seg att

Til hausten blir det ei ny open tilstelling i regi av Kringkastingsringen.

– Vi skal ha ein kveld med debatt om normert nynorsk i etermedia. Dialektane har fått ein veldig renessanse og er synlege både på fjernsyn og på radio. Vi jobbar for at dei skal syne, så dette er bra. Likevel kan det vere at dialektmangfaldet går ut over bruken av normert nynorsk, det er i hovudsak dette vi skal diskutere under den opne kvelden i haust, seier styreleiar Kvalnes.

Kvalnes fortel vidare at born er ei viktig målgruppe for Kringkastingsringen.

– Det er viktig at born får sjå språket sitt i bruk, slik at dei får sjølvtillit knytt til eiga dialekt. Difor er NRK Super ein viktig plattform.

NRK Super fekk Kringkastingsprisen i 2015.

– Dei fekk prisen i 2015, fordi dei var flinke til å vise dialektmangfald i barneprogram. Men arbeidet vårt er aldri ferdig. Vi ser for eksempel at NRK Super har ein lang veg å gå når det gjeld bruk av nynorsk på heimesidene sine, seier styreleiar Kvalnes.

Kvalnes vil at både born og vaksne skal vere stolte av språket sitt.

– Ein må tenkje at sitt språk duger. Ser ein språket sitt brukt i media er det høgt akta. Ein blir teke på alvor, avsluttar Kvalnes. (©NPK)


Oppdatert: fredag 19. mai 2017 09.02
Kommentarar



 
ANNONSE: