Sognefjorden på ti-på-topp-liste

Sognefjorden er eitt av dei ti beste økoturisme-reisemåla i verda, ifølgje nettstaden HubPages.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dette er knallbra, seier Synnøve Aabrekk, fungerande reiselivssjef i Visit Sognefjord til Sogn Avis.

Sognefjorden er i godt selskap. På lista står også regnskogen i Amazonas, Galápagos og diverse nasjonalparkar rundt om i verda.

Ifølgje Aabrekk er HubPages ein nettstad der mellom anna journalistar og reiseskribentar utvekslar erfaringar og opplevingar frå reiser rundt heile verda. Nettstaden skal ha ni millionar unike brukarar i veka. (©NPK)