Snart kan du kjøpa ein flygande bil

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil du ha ein flygande bil?

Noko av det mest sjølvsagte i ein framtidsdraum er at bilane skal kunne fly. Det seier seg på ein måte sjølv at det skal bli slik, men likevel har me enno ikkje sett ein einaste bil susa over hovudet vårt.

Fram til no.

LES OGSÅ: Flygebrettet er her

Det slovakiske selskapet Aeromobil har bygd ein bil som køyrer rundt i trafikken med andre bilar, og brukar vanleg bensin, slik som andre bilar. Men finn du ei rullebane, kan den strekka ut vingene og fly – slik som eit vanleg småfly.

Under festivalen South by Southwest fortalde Aeromobil at den flygande bilen skal komma på marknaden i 2017, og vil kosta i overkant av 200.000 euro. Ein stiv pris, men likevel billigare enn enkelte superbilar.

Det er berre faktiske pilotar som faktisk har lov til å fly med flybilen, men frå og med 2017 kan også du kjøpa din eigen. Då skal den etter planen komma på marknaden.

I denne videoen blir funksjonane til den flygande bilen forklart litt meir:

LES OGSÅ: Dronar seg inn i framtida