Små kommunar seier nei til å bli større

Ordførarane i 17 av dei 20 minst berekraftige kommunane her i landet er ikkje positive til å slå seg saman med andre.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I kjølvatnet av ein rapport frå tenkjetanken Civita har debatten om kommunesamanslåing blussa opp att. Denne veka la NHO fram si kåring av dei mest berekraftige kommunane. Alle dei 20 nedst på lista har under 3000 innbyggjarar.

Klassekampen har snakka med politisk leiing i desse kommunane og dei trur ikkje situasjonen ville bli betre om dei slo seg saman med naboen. Berre ordførarane i Vardø og Bjarkøy er eintydig positive, Bjarkøy slår seg då også saman med Harstad i 2013. Ordførarane i Moskenes,

Leka og Vega er usikre, resten seier klart nei.

Ordførarane er derimot positivet til samarbeid over kommunegrensene. (©NPK)

Kva tenkjer du om kommunessamanslåing? Er det på tide med hardare tiltak for å få fleire til å slå seg saman?