Slagferdig strilamål

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Strilemålet er eit frodig, saftig og slagferdig talemål med utruleg mange presise og treffande ord og uttrykk, forklarar Hans Lauvik i ein epost til Framtida.

QUIZ: Skjønar du orda frå Strilelandet?

Heftig «hogamot»
Den pensjonerte rektoren er ekte stril og gav i 2013 ut dialektsuksessen «Kav stril» med ord, ordtak, regler og gamle vermerke frå Strilelandet.

Då hadde språkentusiasten samla stoff i over 20 år som har vorte presentert i lokalradiosendingar og ei fast laurdagsspalte i lokalavisa.

– Språket endrar seg jo heile tida, – nye ord kjem til, og mange ord går ut, særleg dei som vi ikkje har bruk for lenger. Det siste kan til dømes gjelda ord knytt til teknikkar som er gått ut av bruk, forklarar Lauvik.

– Har du eit favorittord frå Strilemålet?

– Det finst mange å velja mellom. Eg vel ordet «hogamot». Informanten min, Kirsten Skråmestø Knapskog, har fortalt at dei brukte ordet om nyhende som skremde, men og om angst for ting som kanskje kunne koma til å henda. Døme: Eg fekk slek hogamot før Anno i jaftes. Hon for idni markja å leitte itte ein sau so mangla, å da va so mørkt at du såg ikkje handa før mon'. Den velkjende språkprofessoren Oddvar Nes, som har hjelpt meg med den etymologiske biten, kallar dette ordet ei perle. Han seier at ordet nok ikkje er ordbokført tidlegare for moderne norsk. Det er funne ein gong i norrøn litteratur, nemleg i den erotiske Boses saga som hugarmót (n) – 'sinnstilstand'. Det finst også i moderne islandsk, hugarmót (n) – 'Sind, Sindelag; Karakter'. Strilane bør vera stolte over denne sjeldne godbiten!

LES OGSÅ: Spår meir dialekt i Donald

Stolt stril
Førsteopplaget på 2200 bøker vart riven ut av dei lokale butikkhyllene på fem-seks veker, og tilsaman har dialektboka kome ut i 3500 utgåver, som har selt langt utover dei tre kommunane der språket er samla inn.

68-åringen, som sjølv kjem frå Fjell, forklarar at målet blir brukt i eit heller lite område, i kommunane kring Bergen. Frå gammalt av rekna ein at strilelandet omfatta dei bygdene som låg så nær Bergen at folk kunne ro til byen på ein dag.

Symjaren Alexander Dale Oen (1985-2012) frå Øygarden er blant dei som har vorte løfta fram som ein ekte stril, som var stolt over identiteten sin og sette heimstaden på kartet.

LES OGSÅ:
Dette er Noregs verste dialekt

Sosial strilemobilisering
Lauvik opplever at dialektbruk er mykje meir akseptert no enn før, men får ein del spørsmål frå yngre folk som ikkje skjønar alle orda han brukar.

– Strilemålet er klårt på vikande front, ikkje minst i min kommune. Stor innflytting gjer at andre dialektar, særleg bergensk, tek over. Vi ser, og vi veit frå undersøkingar, at strilemålet har låg status hos dei unge. Samstundes ser vi at innfødde strilar no mobiliserer og forsvarer talemålet sitt og identiteten sin. Dette kjem mellom anna fram i gruppa «Strilamål» på Facebook, med stadig aukande medlemstal, i dag nær 4700, forklarar Lauvik.

LES OGSÅ: – SMS-dialekt kan truga nynorsken