Tema: Arbeidsliv, facebook

Sjekkar arbeidstakarane på Facebook

Forholdet mellom sjefen og dei tilsette blir sett på prøve når sjefen vil finne ut kva som skjer på Facebook-profilen til arbeidstakarane.

NPK
onsdag 4. juli 2012 12.50

Sjekkar arbeidstakarane på Facebook Arbeidsgjevarar har ingenting med din religion, livssynet ditt, om du er gravid eller kva seksuell legning du har, det gjeld òg Facebook. Bilete: Colourbox.

Kristine Svendsen, ungdomssekretær i LO i Nord-Trøndelag, seier til NRK at fagrørsla får inn stadig fleire meldingar frå ungdomar som er oppgitt over arbeidsgjevarane sine.

– Mange opplever at dei blir konfronterte med det dei har skrive på Facebook, seier Svendsen og understrekar at arbeidsgjevarar skal liggje unna religion og livssyn i tillegg til spørsmål om graviditet og seksuell legning.

Les òg: Single menn styrer på Facebook

Sosiologiprofessor ved NTNU i Trondheim Arne Krokan underviser i bruk av sosiale medium og seier det er vanskeleg å skilje mellom kva som er offentleg, og kva som er privat. Han har vore borte i tilfelle der arbeidsgjevarar har sjekka opp tilsette og kva dei har gjort på Facebook i ein sjukdomsperiode.

– Det er ikkje alltid det er samsvar mellom det dei har sagt på jobben, og det dei har fortalt facebookvenene sine, seier Krokan til NRK. (©NPK)

Les òg: Avslørar søkjarar på Facebook


Oppdatert: onsdag 4. juli 2012 12.53
Kommentarar 0