– Rørande og inspirerande festspel

Ida Bergitte Andersen Hundvebakke
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg var budd på at det kom til å vere ei spesiell oppleving å vere festspeldiktar på heimebane, men ikkje at det kom til å gjere så sterkt inntrykk som det gjorde. Det har vore interessante samtalar og store musikalske opplevingar, men mest kjem eg til å hugse det deltakande og entusiastiske publikummet, det har vore både rørande og inspirerande. Eg er glad og takksam og full av hurra etter Festspela, seier Gunnhild Øyehaug i ei pressemelding frå Dei nynorske festspela i Ørsta.

LES OGSÅ: Blir heidra for ordkunst på kunstfeltet

Variert program
Gjennom det faglege programmet fekk publikum oppleve mykje nytt og ukjent i år. Snart 92 år gamle Jostein Fet tok på nytt eit oppgjer med myten om at folk flest ikkje kunne lese før 1800-talet. Den unge forskaren Pernille Fiskarstrand la fram nye perspektiv på god nynorsk språkføring i Ivar Aasen-minneforedraget. Publikum fekk resultatet av ei undersøking av språk i reklame, og historia om diktaren Arvid Hanssen fekk nye nyansar. Språksjef Ragnhild Bjørge i NRK kunne fortelje at NRK no er i gang med språkrøkt også for dei som snakkar dialekt i radio og tv.

LES OGSÅ: Språk i spagaten

Eigen song
Årets tema «Tillit» la til rette for å gi publikum meir litteratur også på andre arenaer, mellom anna ei gullrekkje av forfattarar i Uteamfiet fredag. Tillit var også utgangspunktet for festspelutstillar Astrid Runde Saxegaard, som  opna sansane til fleire av gjestene med ei eksperimentell og original tekstilutstilling. Festspela fekk også sin eigen song, laga av Lars Bremnes og Hilde Myklebust. Urframføringa til Kirsten Bråten Berg og Bremnes sjølv rørte publikum under opningshøgtida.