≡ Meny
Framtida

i samarbeid med ABC Startsida

Tema: Nynorsk

Respekt for nynorsk

Korleis kunne ein nynorskhatande person som meg, gå frå å hate til å elske nynorsk?, spør Monica Tindeland i dette innlegget.

Monica Tindeland
tysdag 8. november 2016 13.59

Respekt for nynorsk Monica Tindeland. Foto: privat

På ungdomsskulen hata eg nynorsk. Nynorsk er sidemålet mitt. Nynorsk var kjedeleg, unødvendig, stygt og gammaldags. Eg såg verkeleg ikkje nokon fordelar med nynorsk.

På vidaregåande byrja eg gradvis å finne nynorsk meir interessant, og då eg verkeleg forstod at nynorskbrukarar har rett til å bruke målforma si, og nynorsk blei finare og finare for meg kunne eg verkeleg seie at eg elska nynorsk! Korleis kunne ein nynorskhatande person som meg, gå frå å hate til å elske nynorsk?

På ungdomskulen gjorde eg som dei fleste i mi klasse, eg hata nynorsk. Eg syntest nynorsk var unødvendig då me likevel hadde bokmål. Nynorsk var også kjedeleg med mange nye bøyingar og mange nye ord. I 2014 byrja eg på vidaregåande skule. Då forandra eg meining om nynorsk ein liten smule. No respekterte eg språket litt, men eg syntest framleis at det var unødvendig.

Hausten 2015 innsåg eg at me kanskje burde ha begge skriftspråka, for det ville jo vere feil for nynorskbrukarar å berre fjerne nynorsken. Eg fekk meir respekt for nynorsk, men eg synest framleis det var vanskeleg og kjedeleg.  

LES OGSÅ: Framtidas superlærar kan nynorsk!

Etter kvart blei nynorsk finare og finare for meg, og ikkje minst viktigare og viktigare. Eg forsto no verkeleg at nynorskbrukarar har rett til å bruke sitt skriftspråk, og at bokmålsbrukarar må respektere dette og lære seg begge målformene. Akkurat som nynorskbrukarar må lære seg bokmål.

Mitt store steg mot nynorsk kom rett etter sommaren 2016, då bestemte eg meg for å berre skrive nynorsk og melde meg inn i Norsk Målungdom.

I 1885 blei jamstillingsvedtaket vedtatt på Stortinget. Jamstillingsvedtaket seier at nynorsk og bokmål skal vere jamstilte skriftspråk i Noreg. Eg respekterer dette vedtaket, men ser dessverre for lite nynorsk i kvardagen til å meine at språka er jamstilte. Eg ynskjer derfor å styrke bruken av nynorsk i kvardagen, fordi det vil gjere det enklare for alle å lære seg nynorsk frå tidlig alder, noko som er viktig for å ikkje synest at nynorsk er skummelt og vanskeleg.

For å styrke bruken av nynorsk, bør flest mogleg skrive nynorsk på heiltid, derfor byrja eg med å skriva nynorsk. Eg synest også at nynorsk er eit fint skriftspråk som bør bli tatt vare på.

Eg går no i tredjeklasse på vidaregåande, og det er ingen tvil om at eg ynskjer å forbetre sidemålskarakteren min, ved å skrive nynorsk heile tida vil det bli mykje meir naturleg for meg å skrive nynorsk, og når eg kjem på heildagsprøvar og eksamen så vil nynorsken sitje. 

LES OGSÅ: – Eg veit ikkje korleis eg skal læra bort nynorsk

Dei positive konsekvensane med å skriva nynorsk på heiltid er store. Eg byrja dei fyrste dagane med å sjekke ordboka på kvart eit ord. Etter berre to veker merka eg stor forskjell. Eg hadde så og seie lagt frå meg ordboka. Eg blei meir sikker på meg sjølv i forhold til nynorsk og det blei då lettare å skriva nynorsk i alle fag på skulen.

Eg må likevel konsentrere meg meir når eg skriv, noko som eg ser på som positivt. Ved å konsentrere meg meir får eg eit betre språk og færre tullefeil, som eg ofte får på bokmål. Tekstane blir betre og flyt betre.  

Korleis kunne ein nynorskhatande person som meg, gå frå å hate til å elske nynorsk? Det viktigaste for meg var definitivt respekt for nynorsk. Respekt for Jamstillingsvedtaket frå 1885 som seier at skriftspråka skal vere jamstilte, og for nynorskbrukarar, som har rett til å bruke sitt skriftspråk på lik linje med bokmålsbrukarar.

Eg ynskjer også å betre sidemålskarakteren, og ved å skrive nynorsk heile tida, er det lettare når det kjem til store prøvar å fokusere på innhaldet, fordi språket kjem av seg sjølv.

No har eg skrive nynorsk på heiltid i nesten tre månadar, og eg merkar stor forbetring, eg kjenner meg sjølvsikker når eg skriv nynorsk. Ordbokbruken har også gått ned som eit resultat av at eg skriv nynorsk heile tida.

LES OGSÅ: – Nynorsken er ein døropnar


Oppdatert: tysdag 8. november 2016 15.13
Kommentarar



Monica Tindeland

Monica Tindeland, fødd i 1998, og kjem frå Haugesund. Eg går i tredje klasse på Skeisvang videregående skole. Eg elskar å drive med politikk og bryr meg mykje om kva som skjer i samfunnet, spesielt det som er urettferdig. Eg melde meg inn i Unge Venstre i 2015 og sit i styret i Rogaland Unge Venstre.

Artiklar av Monica Tindeland

  • Respekt for nynorsk
 
ANNONSE: