Reisa til dialektriket

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Nynorsk animert spelefilm for born er ikkje kvardagskost! slår leiar i Noregs Mållag Marit Aakre Tennø fast.

Ho er jublande glad for at dialektar og nynorsk står sentralt i den nye animasjonsfilmen.

I dag er det duka for noregspremiere på nesten sytti kinoar rundt om i landet.

LES OGSÅ: Nynorske filmtitlar toppar Twitter

Språkkontxt
«Reisa til fjørkongens rike» er ein moderne fabel om den vesle kaninguten Johan som har missa mor si og reiser til underverda for å henta ho attende.

Karakterane i filmen snakkar mellom anna sunnmørsdialekt og rogalandsmål.

I tillegg er både tittel, rulletekst og omtale på nynorsk.

Filmen er både Sveriges første 3D-film og den norske distributøren KontxtFilm si første nynorske film. Det er ikkje tilfeldig.

– Eg meiner det av og til er viktig å tenke litt utafor boksen, og at ein bør prøve å få eit større utval av stemmer og dialektar på kino enn det som er vanleg i dag, skriv Stig Brekke i KontxtFilm på nettsidene deira.

Den stolte distributøren takkar den danske regissøren Esben Toft Jacobsen for at han sa ja til nynorsk og dialekt i den norske versjonen av den svensk-danske barnefilmen.

Filmen fekk publikumsprisen under Kristiansand Barnefilmfestival i september 2014.

LES OGSÅ: Ei kald skulder frå Disney

– Dialektfestival
13 år gamle Martin Svendsen Dimmen frå Ulsteinvik har stemma til hovudkanina Johan. Tidlegare har den unge skodespelaren dubba Petter Kanin på NRK Super.

I rolla som far høyrer publikum Svein Roger Karlsen frå Sunndalsøra, kjent frå barnetv-serien «Vaffelhjarte»på NRK.

Rogalending Rita Eriksen, vokalisten som syng med Vamp på «Tir n’a noir», har stemma til mor.

– Denne filmen er ein liten dialektfestival, i tillegg er både informasjon og rulletekstar på nynorsk, og det er svært uvanleg, seier Tennø, som er oppteken av at born møter språkmangfald på film.

– For nynorskborna er det er ekstra viktig å møte sitt eige språk – òg på kino, understrekar Tennø, som vonar filmen vert ein suksess.

Sjå trailer i vindauga under: