Regjeringa vil ha ferjefri E39
Regjeringa går inn for å byggja ein ferjefri E39 på Vestlandet innan 20 år. Prisen er rekna til 150 milliardar kroner.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Arbeidet med tunnel under Boknafjorden skal starta seinast i 2015. Dette prosjektet åleine får ein pris på 10 milliardar kroner. Av dette må bilistane betale 9 milliardar kroner, fortel NRK.
Tunnelen blir 25 kilometer lang og ligg på det djupaste 390 meter under havflata. Det gjer tunnelen til den lengste og djupaste i verda.
Forslaget for dette tunnelprosjektet mellom Mekjarvik og Arsvågen i Rogaland – med namnet Rogfast – er ein del av Nasjonal transportplan (NTP), som blir lagt fram for Stortinget 12. april, skriv Aftenbladet.
Kryssing av Sognefjorden er også ein del av planen, men etter det Bergens Tidende tek regjeringa der atterhald.
– Der må ein greia ut nye løysingar, men vi reknar med at teknologien skal koma oss i møte, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete (Sp) til avisa.
Til NTB opplyser statssekretær Erlend Fuglum (Sp) i kommunal- og regionaldepartementet at ein ferjefri E39 mellom Kristiansand og Trondheim vil gjera reisetida av den 1.100 kilometer lange strekninga sju timar kortare. I dag er reisetida 20 timar.
Trafikantane vil dermed få redusert tid- og køyrekostnadene sine med 4– 6 milliardar kroner per år, ifølgje Fuglum. (©NPK)
Bli med på tur gjennom tunnelen allereie før han er bygd: