Powerpointpop frå The Brørs

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– I den grad det er ein raud tråd så er det at alle ideane og universet er mitt. Eg er den raude tråden, som har laga alt, forklarar Sigurd Brørs på telefon til Framtida.no.
Hobbymusikaren er aktuell med einmannsbandet The Brørs, som ifølgje pressemeldinga er eit splitter nytt norsk band i powerpointpop-genren.

Og powerpointpop, kva er eigentleg det?

– Eg er jo litt glad i ordspel. Det er ordspel på powerpop, fordi det er litt av det i musikken. Så er det eit nerdeelement i det når eg dreg inn powerpoint, forklarar one-man-bandet.

Oljedirektør Sigmund
Frå mars til september i år lanserer han i alt tretten låtar som utgjer sesong 1.

Mot slutten av kvar månad kjem det ut to nye musikkvideoar på heimesida , Facebook, Youtube og Spotify. Får du ikkje med deg dette – kan du alltids abonnere på The Brørsletter.

I videoen til Ei melding frå oljeselskapet vert me kjent med Sigurds ukjente bror, Sigmund, som er direktør i eit oljeselskap. Med powerpoint forklarar Sigmund korleis han planlegg å redda verda. Og i framtida lovar Sigurd fleire powerpointar – og fleire brør.

The Brørs har tidlegare vore ein del av ad-hoc bandet The Systers & The Brørs, saman med Sigurds sambuar Guri Sørumgård Botheim og systera hennar Sigrid. Dei har mellom anna velsigna verda med aasensk powerpop og eit frieri til Edward Snowden.

Les også: Aasensk powerpop

I sitt nye soloprosjekt har Sigurd mellom anna jobba vidare med ein del materiale frå sitt tidlegare band Karl Barx, men mykje er heilt nytt.  

Dad and The Brørs
Tekstane til The Brørs er inspirert av alt frå store samfunnstema – til dei små kvardagslege tinga, som sambuarskap og Mad Men.

Om lag halvparten av låtane er engelske, medan resten er på nynorsk eller surnadalsdialekt.

Og akkurat dette er tematikken i den sjølvbiografiske førstesingelen What Dad Said (About The Brørs)

– Eitt år før eg laga denne songen, song eg for fyrste gong på dialekt. Det var i 80-årsdagen til far, som hadde masa om at eg måtte syngja på norsk. Eg tykte det fungerte veldig bra i øyrene med dialekta mi, og måtte motvillig gje han rett.

Filmen, som vart lansert på 82-årsdagen til faren, er spelt inn av far og son. Location på videoen er gymsalen på skulen der faren Styrkår var lærar og sonen Sigurd hadde gymtimane sine.

Les også: Dei frir til Edward Snowden

Tekst vs musikk
– Kven trur du vil ha glede av prosjektet ditt?

– Det er vanskeleg å seie, fordi det er mange om merksemda. Videoen med far vart ein suksess lokalt i heimbygda, men det verkar som at både tematikken og sjølve låten fenga breidt. Sjølv om det er mykje humor, så er det  ikkje eit tulleband, det er ordentleg og gjennomarbeidd popmusikk. Om det når ut blant folk som har denne typen musikksmak, er eg nøgd, seier Sigurd, som til dagleg jobbar som multimediadesignar.

Hobbymusikaren har jobba mykje med tekstane, noko som kjem fram både i  tekstvideoane og på nettsidene. Difor har han òg eit håp om å fengja dei som lyttar til tekst.

– Sjølv er eg av den typen som set musikken først, og kan la vere å høyre på tekstane. Men om det skin gjennom at tekstforfattaren ikkje har noko å melde, så dreg det ned heilskapen, avsluttar The Brørs – Sigurd Brørs.