Populært å lære nynorsk med teikneserie
Har sendt ut 35.000 sett med teikneseriar.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Skrivefeil gjer at lærar gjer lekser
Det er populært å lære nynorsk rettskriving via teikneserie, har Nynorsksenteret fått erfare. Dei siste fire åra har dei fått tingingar på til saman 35.000 klassesett-eksemplar av heftet Nynorsk på 1– 2– 3.
Dei humoristiske stripene finst dessutan på nettsida til Nynorsksenteret, som nyleg oppdaterte samlinga med to nye striper. Stripene gjer det òg bra på Facebook, fortel Arild Torvund Olsen i Nynorsksenteret.
LES OGSÅ: Flinkare på skulen med nynorsk
– Vi tar utgangspunkt i typiske skrivefeil. Dei fleste skriv stort sett rett, men så finst det nokre gjengangarfeil, seier Olsen. Typiske eksempel er forskjellen på altfor og alt for og på å viske og kviskre.
– Det er enklare å gi rettskrivingstips i form av samtalar, og vi ville prøve det ut som teikningar. Det har vorte ein serie som vi er rett stolte av, seier Olsen. (©NPK)
LES OGSÅ: Nynorskstriper med Facebook-suksess