Øyvind (32) fekk ikkje jobb. Så møtte han Fretex-Frode

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Øyvind fekk jobb gjennom Fretex

– Eg blei overraska over at Fretex hadde eit slikt tilbod, seier Øyvind Iversen (32), ein av dei som nett har fått jobb gjennom nettopp Fretex.

Han var utstasjonert for utanrikstenesta i Afghanistan då han fekk store ryggsmerter.

– Eg vridde ryggen og fekk prolaps. Dette skapte store smerter, og ryggen har aldri kome seg heilt. Eg måtte slutte med utdanninga i Forsvaret. Men eg var jo berre i tjueåra, og hadde mange ambisjonar, seier Iversen.

LES OGSÅ: Ni av ti unge vil ha fast jobb

Hol i CV-en
Øyvind blei sjukmeldt. Trass i trening og vilje, kan han ikkje utføre kontorarbeid eller arbeid med fysisk aktivitet. Det gjer framleis vondt å sitje og å reise seg, og Øyvind treng ein spesialstol for å kunne jobbe.

Ein operasjon ved Haukeland gjorde ryggen betre, men han hadde fått fleire hol i CV-en.

– Eg søkte i to år før eg fekk jobb hjå Karsten Moholt. Eg var der i tre-fire månadar før det gjekk gale i ryggen igjen. Så gjekk eg to år ledig før eg fekk ein fantastisk saksbehandlar hjå Nav som endeleg såg moglegheitene mine, fortel Iversen.

LES OGSÅ: Hanne (22) nekta å bli registrert som ung ufør

Fekk jobb etter to månadar
Saksbehandlaren sette han i kontakt med jobbkonsulent Frode Rasmussen i Fretex.

– Frode skjønte utfordringa mi med ein gong. Han hadde kontaktar i næringslivet, og på to månadar fekk eg jobb, seier Iversen.

No har han nett starta som kundekonsulent i Sykes for Canal Digital Kabel. Der kan han arbeide med eit tilpassa bord og ein stol han kan justere i liggestilling.

– Eg ville ikkje kome på jobbintervju og seie at ryggen ikkje var noko problem. Med berre litt tilrettelegging, kan dei aller fleste jobbe. Det betyr så utruleg mykje å kunne vere i arbeid.

Frode 2
– Jobbkonsulenten ser ofte moglegheiter der andre tenkjer avgrensa, seier jobbkonulent i Fretex, Frode Rasmussen. Han tilbyr næringslivet menneske som vil jobbe, og arbeidslause løna arbeid.

I vekst
– Oppgåva til ein jobbkonsulent er å hjelpe arbeidslause ut i løna arbeid, og det startar med ei bestilling frå Nav. Fretex sorterer ikkje, og har eit tilbod til alle som vil jobbe. Slik kan vi hjelpe arbeidslause der dei er, seier jobbkonsulent i Fretex, Frode Rasmussen.

Framtida.no møter han på Nordnes i Bergen, som er eit av Fretex sine nyaste kontor. Selskapet har vunne fleire anbod i 2016, noko som har auka veksten og såleis talet på tilsette.

– Vi sørgjer for at folk møtest, då arbeidsmarknaden ofte slit med å finne rett person til rett jobb. Det handlar om å sjå moglegheitene og å finne gode løysingar.

LES OGSÅ: Kraftig fall i sysselsettinga blant unge

– Må ha eit genuint ønske om arbeid
Rasmussen fortel at ein jobbsøkar kan vere gamal eller ung, sjuk eller frisk, utdanna eller uutdanna.

– Det kan vere folk som aldri har vore i arbeid, eller folk som eigentleg er i pensjonsalderen, men som har meir å by på, seier Rasmussen.

Slik kan Fretex hjelpe næringslivet med å finne motiverte folk, samstundes med at jobbsøkarar enklare kan kome ut i arbeid. For Fretex er det viktig at dei får betalt arbeid.

– Vi opnar dørar og får ting til å skje. Samstundes fremmer vi krav på vegne av jobbsøkaren. Dette er ikkje utplassering. Det viktigaste er at jobbsøkaren må ha eit genuint ønske om arbeid, seier jobbkonsulenten.

LES OGSÅ: Låg sysselsetting blant unge menn bekymrar LO-leiar Gerd Kristiansen

– Ville gje Øyvind ein sjanse
Hege Cecilie Husa er HR-leiar i Sykes Fyllingsdalen, Bergen. Ho var blant dei som tilsette Øyvind i november.

– Frode Rasmussen tok kontakt, og vi bestemte oss for å halde eit møte. Sykes har fleire tilsette med liknande kontraktar som Øyvind. Men dette er første gong nokon har blitt tilsett gjennom Fretex, seier ho.

Sykes i Fyllingsdalen har denne hausten rekruttert hundre personar til Canal Digial Kabel. Det skreiv Bergens Tidende i september.

– No har vi tilsett alle, men treng nok endå fleire på nyåret. Vi såg ikkje grunn til å avvise Øyvind med dei problema han hadde, og ønskte å gje han ein sjanse. Mi erfaring er at dei som kjem inn gjennom Nav er endå meir motiverte, seier Husa.

LES OGSÅ: Unge treng jobb, ikkje diagnosar, meiner NHO

Faktaboks

Fretex Vest Norge AS er ein del av Fretex-konsernet. Selskapet er privat og hundre prosent eigd av Frelsesarmeen.

Med cirka 45 bruktbutikkar i landet, er Fretex ein stor aktør innan gjenbruk og gjenvinning. Rundt ti prosent av overskotet frå bruktbutikkane går til humanitært arbeid i Frelsesarmeen.

Inntekta til jobbkonsulentane kjem frå Nav. Det utoverretta arbeidet med å skaffe løna arbeid til jobbsøkarar er nytt. Før fekk omtrent 400 tilbodet, no kan Fretex hjelpe nærmare 11-1200 personar.

Hovudkontoret ligg Sandnes.