Osloguten som leika seg fram til nynorsken

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Oslogut skal leia målungdommen

Han brukar ord som åkkon, vælje og fridom. Når Karl Peder Mork (20) snakkar, er det lite som avslører at han har budd omtrent heile livet på «Oslos beste vest», som han sjølv kallar det. Oppveksten i Holmenkollen var heller ikkje ei direkterute til vervet han nettopp har fått som leiar i Norsk Målungdom, ungdomslaget til Noregs Mållag.

– På ungdomsskulen var eg sidemålsmotstandar som alle andre. Då var nynorsk noko som ein ikkje skulle like, seier Mork.

Nokre år seinare skulle han likevel vende om.

LES OGSÅ: Vil jobbe for meir fleirspråkleg skilting 

Demokratisk val
Eit ivrig mållag på Oslo katedralskole («Katta») og eit utvekslingsår til Tyskland vart avgjerande for at Karl Peder Mork blei nynorskbrukar.

– Eg har alltid hatt eit ønske om å engasjere meg i noko, men det slo ikkje heilt gjennom før eg møtte Målungdommen på Katta. Eg var ikkje venleg innstilt i utgangspunktet – men lytta og diskuterte, fortel Mork.

Då han reiste på utveksling til Berlin i andreklasse, sette det ein del tankar i sving. Mellom anna blei han einig i argumenta om at skriftspråket må vere basert på talespråka.

– I Berlin såg eg korleis dialektane blei sett ned på. I Tyskland er reaksjonen på dialektbruk at du er u-utdanna. Då eg såg denne tyske dialektstoda, tok eg til å lære meg berlindialekt, ein av dialektane som er lågast på rangstigen. Nynorsk blei derfor eit demokratisk val for meg, seier Mork.

LES OGSÅ: Sta nynorskleiar

Tok tilbake oslodialekten
Så var det hans eigen dialekt då. Kvar kjem alle a-endingane og dette trykket på orda som gir assosiasjonar til austkanten i hovudstaden frå? Med ein far frå Gjøvik og ei mor frå Polen, har han alltid hatt mykje språk rundt seg. Men det var ei særoppgåve om oslodialekten siste året på vidaregåande som gjorde at han gjekk vitskapleg til verks for å finne ut korleis han ville snakke.

– Omlegginga skjedde vel omtrent på tre veker, den tida det tok å skrive oppgåva, ler han.

I dag meiner Karl Peder Mork at han snakkar ein slags opphavleg oslo-dialekt, ein dialekt som er i ferd med å forsvinne.

– Eg har gått motsett veg enn mange andre, frå å ha snakka «fint» til å bruke fleire dialektord. Det har kanskje vore ei hard pille å svelgje for mange av sambygdingane mine. Eg respekterer slik dei snakkar, så kan dei velje å respektere meg.

LES OGSÅ: Jublar for eigen karakter i sidemål

Sjølvlært språkleik
Mork-namnet kjem opphavleg frå Averøya utanfor Kristiansund, og ikkje frå den vesle bygda i heimkommunen til Ivar Aasen, slik ordføraren i Ørsta håpte på då han helste på Karl Peder under eit skulebesøk i regi av målungdommen. Nynorsken til Mork er derfor ikkje prega av geografiske band.

– Eg har ikkje hatt høve til å vekse inn i ei nynorsknorm, men har valt sjølv. Eg kjenner ein eigarskap til språket, det er mitt språk og er glad i det. Eg har leika meg fram til korleis eg har lyst til å skrive, fortel han.

Sidemålsundervisninga han fekk på skulen var dårleg, og han har derfor lært seg det meste på eiga hand gjennom å lese og skrive nynorsk. Det kan også ha hatt noko å seie for engasjementet hans, trur han.

– Kanskje kan det vere vanskelegare å få til skikkeleg engasjement i typiske nynorskområde, der ein ikkje blir utfordra på språket. I Oslo blir det meir ei opprørssak.

Spent på Widvey
Karl Peder Mork er klar for å drive målkamp som ny leiar for engasjerte nynorskungdommar frå heile landet. Han følgjer nøye med på kva føringar som blir lagt frå dei som sit med makta.

– I den nye regjeringa sit dei to einaste partia på Stortinget som har vedteke politikk som vil svekkje nynorsken og sidemålsundervisninga. Det gode er at i samarbeidsavtalen med Venstre og KrF går dei inn for å innføre sidemålsundervisninga tidlegare og gjere ho meir engasjerande. Det stiller vi oss sjølvsagt bak, seier han, men legg til at det er eit uromoment.

– Målsaka har i utgangspunkt fleirtal på Stortinget, men kva KrF og Venstre er villige til å selje seg for er usikkert, seier Mork.

Til sommaren tek han til som leiar for fullt, ved sida av studiar i musikkvitskap. Han gler seg til å sette i sving saman med dei fem andre i sentralstyret.

– Vi skal slå hovuda saman og måke målpolitikk ut i verda. (©NPK)