Opnar opp for meir nynorsk i VG

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Endeleg kan «verdas tyngste kvinne» smila igjen», melde VG Nett10. mars. Kjekt for ho og hennar næraste, sjølvsagt, men like mykje ei gladsak for alle som har engasjert seg mot nynorskforbodet i Verdens Gang.

Landets største avis har frå før godkjent bruk av nynorsk på debattplass, i enkelte bokmeldingar av nynorske bøker og i enkelte saker som har handla om nynorsk. Men saka om verdas tyngste kvinne, som er skriven av nyhendejournalist Jostein Matre, skal vera den første vanlege nyhendesaka som er skrive på nynorsk i VG sidan starten i 1945.

– Saka var eit lite eksperiment, fortel Gard Steiro, ansvarleg redaktør i VG, når Framtida.no klarer få tak i han etter han har vore i USA ein tur.

– Tanken er å mjuka opp språkreglane i VG.

Ikkje sidestilling
– VG har som ambisjon å vera ei nyhendeavis for heile landet. Då må det òg vera rom for nynorsk i nyhendejournalistikken, seier Gard Steiro.

I ein digital tidsalder, når VG òg kan tenkja seg å bruka redaksjonelt stoff frå andre, er det naturleg å opna for nynorsk, legg han til.

Det blir ikkje noka radikal omlegging i VG og sidestilling mellom nynorsk og bokmål, men ei oppmjuking, ifølgje Steiro.

– Men det er ein del saker som bør vera på nynorsk. Det vil vera underleg å intervjua Jon Fosse om kunsten hans på bokmål.

– For rigide tidlegare
Då Gard Steiro byrja som sjefredaktør i VG rett over nyttår, gjekk Norsk Målungdom ut og håpte at Steiro tok med seg gode språkhaldningar frå sjefjobben i BT til sjefredaktørstolen i VG.

– Har du med deg noko av synet på nynorsk frå BT?

– Dette har eg meint ganske lenge, uavhengig av jobben i BT. For BT, som har dekningsområde på Vestlandet, er nynorsken ein naturleg del av avisa. For VG, som dekkjer heile landet, bør det vera ei opning for nynorsk, seier Steiro og legg til:

– Før har ein nok vore for rigid.

LES OGSÅ: Røe Isaksen: – For lite nynorsk i riksmedia

– Hyggeleg
Jostein Matre, journalisten bak den første vanlege VG-saka på nynorsk, seier til Framtida.no at det er hyggeleg å få lov til å bruka nynorsk på jobben.

– Eg bruker nynorsk privat, men har skrive bokmål på jobb i dei elleve åra eg har jobba her.

Han seier han no vil skriva nynorsk innanfor dei rammene som sjefen set. Matre kjenner til minst éin kollega som vil bruka nynorsk der det er naturleg.

– Han er allereie er i gang med ei sak på nynorsk, avslører journalisten som opprinneleg kjem frå nynorskbyen Stord.

– Statusløft
– At språket vårt no kjem oftare på trykk hos VG, kjennest som eit statusløft for heile nynorsken, seier Jens Kihl (bildet), nestleiar i Noregs Mållag i ei pressemelding. Han er sjølv nynorskskrivande journalist i Klassekampen.

– Lite visste me at det var ein fedmeoperasjon i India som skulle markera vendepunktet for nynorsken i VG. Men ja, det har stundom kjendest som verdas tyngste kamp, legg Jens Kihl til. Mållaget er svært glade for at det no er eit hôl i bokmålsveggen i VG og vil takka redaktøren for oppmjukinga av språkpolitikken i avisa.

– Håpet mitt er at han og resten av VG i framtida vil sjå at nynorsk er like naturleg å bruka i saker om fedme og Fosse. Nynorsk passar til alt, seier Jens Kihl.

Mållaget har arbeidd mot nynorskforbodet i dei store riksavisene i mange år. I 2005 stod Noregs Mållag bak kampanjen «Slepp nynorsken til i Dagbladet og VG!» som fekk mykje merksemd og 36.000 underskrifter. 600.000 nordmenn skriv nynorsk i Noreg, men har – til no – ikkje fått møta språket sitt i redaksjonelt stoff i dei største riksavisene.

Så seint som i fjor fekk VG stengt ned Målungdommen sin nynorskversjon av nettsida deira.