Operaambassadørane

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Slik vil dei få fleire i Operaen

Fredag ettermiddag i Bjørvika. Over ein time før Flaggermusen starta på hovudscena i Operaen, var foajeen småfull.

– Kjem folk tidleg for å drikke vin?

– Enkelte gjer nok det, og for å ete i restauranten, men eg tippar dei fleste skal på introduksjonen til framsyninga, forklara Martin Mikkelsen (26).

Martin er ungdomsambassadør i Operaen; saman med med 20 andre ambassadørar har han ansvaret for å guide operadebutantar mellom 16 og 30 år gjennom sin første kveld i eit operahus. Det vil seie: Nokre av oss har vore her før – på deLillos-konsert og bokfestival.

LES OGSÅ: Dei djupaste røystene

Lov med dongeri
Då Statistisk sentralbyrå kartla det norske operapublikummet i 2008, var gjennomsnittalderen 49 år. Førsteinntrykket stadfester statistikken: Dei velkledde publikummarane i Operaen sitt formidlingssenter, kunne nesten utan unntak vore foreldre eller besteforeldre til ambassadørane og dei unge gjestane som har fått gratisbillett til Flaggermusen. Alle er pent kledde.

– Blir ein kasta ut om ein kjem i dongeribukse?

Martin ristar på hovudet:

–  Eg seier alltid at folk må kome i det dei vil, gjerne dongeribukse. Når dei dukkar opp har dei likevel alltid pynta seg. Eg tippar dei ser på operabesøket som ein sjanse til å finne fram finstasen. Mange liker nok å vere ein stad der det er ei litt «høgverdig» stemning.

Imponerande teknikk
Det er ikkje tvil om at Den Norske Opera & Ballett er designa for nettopp høgverdig stemning. Då vi etter innføringa i dei mest vanlege operauttrykka, fann plassane våre i hovudsalen, vart vi møtt av mørke eikeveggar, ein imponerande kuppel i takket, og eit enormt sølvfolieaktig sceneteppe.

Frå fjerde rad såg vi månen til dirigenten stikke opp frå orkestergrava kvar gong han hoppa i takt med ouverturen– stykket orkesteret speler før teppet går opp.

– Scenerommet er så stort at det er plass til scenebiletet over, under, til høgre og til venstre for den synlege delen av scena, kviskra operaambassadøren.

Mellom andre og tredje akt vart den høgteknologiske teknikken demonstrert: Sakte forsvann kulissene bakover – som om ein fotograf zooma ut. Publikum klappa. Det er nemleg ikkje berre etter framsyninga ein klappar i Operaen; tekniske finessar og andre imponerande prestasjonar får også applaus.

LES OGSÅ: Ivrigast på kultur i Europa

Flaggermusa hemnar seg
Historia til Johann Strauss d.y. er frå 1874, men har i regissør Laurence Dale sin versjon vorte flytta fram i tid – til ein karikaturversjon av det mest dekantente motemiljøet på Manhattan i dag. Vi møter Dr. Falke som tek hemn på hovudpersonen Gabriel von Eisenstein etter at Eisenstein har gått frå doktoren i ein framand bydel på veg heim frå fest. Flaggermusen er ei operette, ein slags parodi på patosen i klassisk opera.

– Har Operaen plukka ut dette stykket og flytta historia fram i tid for å tilfredstille publikum?

Det stemmer nok, svara Martin Mikkelsen.

– Krampaktig publikumsfrieri?

Kanskje, men samstundes er det viktig å vise at operafolket har sjølvironi. Det farseaktige ved Flaggermusengjer det mulig å le av operaen sine store fakter samstundes som ein blir kjent med sjangeren.

Aldersapartheid?
Ikkje alle er einige i at Operaen skal tilpasse repertoaret for å trekke til seg nye målgrupper. Då nybygget i Bjørvika opna i 2008 kom dåverande operasjef Bjørn Simensen med denne åtvaringa i eit intervju med ABC Nyheter:

– Det herskar eit slags aldersapartheid der ein kan få inntrykk av at dei eldre ikkje skal vere velkomne i operaen fordi det er så mange av dei. Det er heilt naturleg at det er fleire eldre i operaen. Går ein på eit diskotek ser ein knapt eit menneske over 30, men leiinga sit ikkje på bakrommet og riv seg i håret og prøver å finne ut kva dei skal gjere for å nå eit eldre publikum av den grunn.

Martin Mikkelsen er ikkje heilt med på diskotek-samanlikninga:

– Dei fleste eg har vore ambassadør for har kome tilbake seinare.

LES OGSÅ: Blondt hår hav kinesisk operakarriere

Martin hadde sjølv knapt vore i Operaen då han starta som ambassadør. No er han hekta, og trur Simensen undervurderte operaen sin appell til unge:

– Den enorme patosen burde passe tenåringar bra!

Flaggermusen blir spela til 14. februar. Vil du bli ungdomsambassadør for Operaen, er neste opptaksrunde i mai. Les meir på ungioperaen.blogspot.no.

Kjelde: «Yngst publikum på kino, eldst på opera», Odd Frank Vaage (SSB).

Les saka på Magasinett!