≡ Meny
Framtida

i samarbeid med ABC Startsida

Tema: Nynorsk, Norsk Målungdom

Ønskjer seg Wordfeud på nynorsk

Norsk Målungdom ser gjerne at det populære mobilspelet Wordfeud kjem i nynorsk utgåve.

NPK
fredag 30. mars 2012 11.21

Ønskjer seg Wordfeud på nynorsk Vebjørn Sture og Norsk Målungdom ønskjer å kunne spele wordfeud på nynorsk. Bilete: Odin H. Omdal.

– Ei nynorskutgåve av Wordfeud vil gje store pedagogiske gevinstar, seier Vebjørn Sture (24), påtroppande leiar i Norsk Målungdom (NMU) i ei pressemelding.

Til Nynorsk pressekontor kan den nyvalde leiaren fortelje at dei har tidlegare sendt ein førespurnad til Bertheussen IT, som lagar Wordfeud, men har førebels ikkje fått svar. No har også landsmøtet i Norsk Målungdom gitt klårt uttrykk for at det er på tide med ei nynorskutgåve av spelet.

– Vi hadde landsmøte siste helg, og då hadde vi moglegheit til å samle heile organisasjonen bak ønsket. Det veg nok tyngre enn om det berre er oss i sentralstyret, og er kanskje ein ekstra motivasjon for Bertheussen, seier Sture, som håpar på merksemd rundt saka.

Målungdomsleiaren trur både nynorsk- og bokmålselevar kan vinne på at Wordfeud kjem på nynorsk.

– Nynorsk- og bokmålselevar har det til felles at dei ser for lite nynorsk rundt seg i kvardagen. Wordfeud på nynorsk vil vere ein enkel og morosam måte å lære seg nynorsk på, uansett kva den enkelte eleven har som hovudmål, meiner Sture.


Oppdatert: fredag 30. mars 2012 16.51
Kommentarar



 
ANNONSE: