Om å reise seg etter ei krise

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Hovudpersonane er ein seksten år gammal gut med psykiske problem som helst ikkje vil ha noko med mor si å gjera – og mor hans som prøver å hjelpa han. Livet til sekstenåringen blei snudd på hovudet då kjærasten svikta han og blei saman med bestekameraten hans. Etter ei alvorleg valdshending droppar han ut av skulen og isolerer seg frå alt og alle.

I håp om at han skal koma seg vidare, inviterer mora han med på ei reise til Canada. Der følgjer dei i fotspora til oldefaren til mora som emigrerte og aldri kom tilbake.

LES OGSÅ: Vann Brageprisen

Reise som terapi
– Mora er sjølv litt i krise, men ho tenkjer at reisa kanskje kan vekkja sonen og at turen samtidig kan føra dei nærmare kvarandre, forklarer Kvalvaag.

Ho trur det å reisa kan vera med på å opna nye perspektiv for folk som har det vanskeleg.

– Når du er ute og reiser får du møtt deg sjølv på ein ny måte. Du blir tvinga til å løfta blikket. I tillegg er det å reisa ofte hardt arbeid. Du får ikkje nødvendigvis tid til å tenkja så mykje fordi du må bruka krefter til andre ting.

Sjølvbiografisk utgangspunkt
At turen går til Canada er ikkje tilfeldig. Forfattaren har sjølv ein oldefar som emigrerte i 1925 og som aldri kom heim igjen til kone og barn.

– Det var utgangspunktet for boka. Eg byrja å interessera meg for kva som hadde skjedd med han og kvifor det aldri hadde blitt snakka om. Korleis i alle dagar kunne han reisa og aldri koma heim igjen? Korleis kunne han vera vekke frå familien så lenge? undra Kvalvaag, som fortel at oldefaren levde dei siste 33 åra av livet åleine på den canadiske vestkysten.

LES OGSÅ: Ærlig og brutalt

Dramatisk tur
I romanen følgjer vi dei to hovudpersonane på jakt etter stader der oldefaren har budd og folk som kanskje kjende han. Turen startar i Vancouver og held fram langs kysten med ein avstikkar til den canadiske villmarka.

Men villmarka i Canada er noko heilt anna enn norske skogar, og turen blir meir dramatisk enn dei hadde tenkt – både på den eine og den andre måten.

Fascinert av mor-son-forhold
Det er ikkje første gongen Hilde Kvalvaag skriv om relasjonen mellom mor og son. Også den førre boka hennar handla om dette temaet.
– Eg er interessert i problematikken rundt forholdet mellom mødrer og søner. Mødrene strevar ofte med å få sønene i tale. I det kan det liggja veldig stor kjærleik, seier ho.

Slik er det også i den siste romanen hennar. Mora tenkjer på sonen dag og natt og gjer alt ho kanfor å nå inn til han, men han er mutt og avvisande. Det fører berre til at mora blir endå meir glad i han.

– Det er ingenting som er så grufullt som å sjå at eigne barn er ulykkelege. Smerta er nesten ikkje til å halda ut. Men i iveren etter å hjelpa går mora over grensene til sonen sin, forklarer forfattaren.

Det gjer ikkje situasjonen enklare.

LES OGSÅ: Unge lesarar får eige nettside

Kunsten å snu negative mønster
Det er ikkje berre relasjonen mellom mor og son som er vanskeleg. Dei ber også på ein tung familiearv. Oldefaren er nemleg ikkje den einaste som svikta familien. Alle mennene har svikta på ulike vis og blitt borte. Det er som om dei ikkje toler det vanlege livet, og mora er livredd for at det same held på å skje med sonen.

– Eg har alltid prøvd å laga komplekse personar som har både godt og dårleg i seg. Det er eit fellestrekk i det eg skriv. Eg ønskjer ikkje å dømma nokon. Det får vera opp til lesarane, seier Kvalvaag.

Samtidig ønskjer ho å visa at livet kan gå vidare viss folk har kome skeivt ut.

– Eg er oppteken av korleis det er mogleg snu eit negativt mønster i ein familie viss folk er litt skadeskotne eller har opplevd traumatiske ting. Vil du då overføra det til ungane dine, eller vil du klara å bryta eit slikt mønster.

Sjølv har ho stor tru på at det er mogleg å koma på rett spor igjen.

– Eg trur folk kan få nye sjansar og at det alltid er noko som kan lokka fram det gode i folk.

I boka viser ho mellom anna korleis kontakten med ein hund og ei lita jente er med på å få fram nærleik og livsglede hos den inneslutta sekstenåringen. Ho trur også naturen kan vera til god hjelp for folk som strevar.

LES OGSÅ: Viktig bok som tar barna på alvor

Hjelp til å overleva
Kva håpar du folk skal sitja att med etter å ha lese boka?

– Det beste er viss boka kan vekkja gjenklang i livet til lesarane. Eg har sagt før at eg skriv overlevingslitteratur. Målet mitt er eigentleg å finna ut av vanskelege ting og visa at det går an å leva med dei. Å tola verkelegheita slik som ho er. Kanskje kan denne forteljinga vera til trøyst for nokon, seier Hilde Kvalvaag.

Historia hennar har alt vekt oppsikt. Norsk senter for litteratur i utlandet (NORLA) trur at også utanlandske lesarar vil lika boka hennar. Lev vel, alle er ein av tretten skjønnlitterære titlar dei har valt ut til å presentera på bokmesser og arrangement i haust.