≡ Meny
Framtida

i samarbeid med ABC Startsida

Tema: Media, Nynorsk

Nynorsk redaktørpris til Bjørgulv Braanen

– Nynorsken skal ikkje vera eit «pyntespråk», seier redaktøren i Klassekampen.

Svein Olav B. Langåker
laurdag 13. juni 2015 13.31

Nynorsk redaktørpris til Bjørgulv Braanen Foto: Berit Rekve

Leiar i Mediemållaget Berit Rekve delte ut Nynorsk redaktørpris til ansvarleg redaktør for Klassekampen, Bjørgulv Braanen, fredag kveld.

– Føremålet med prisen er å heidra dei redaktørane som gjer ein ekstra innsats for nynorsk som mediespråk. Redaktørane er premissleverandørar for språkpolitikk og språkhaldningar i sine redaksjonar. Mediemållaget ønskjer å framheva dei redaktørane som gir nynorsken gode levekår i journalistikken, seier Berit Rekve.

Ein kan driva god språkleg leiarskap og få denne prisen utan å vera nynorskskrivande sjølv. Fleire tidlegare vinnarar er i den kategorien. Det gjeld òg vinnaren av Nynorsk redaktørpris for 2014.

– For oss handlar det om å lata nynorsken vera eit bruksspråk og ikkje berre vera eit «pyntespråk» for ekstern kommentar og festlege høve. Om nynorsken skal fungera som nyhendespråk, er det avgjerande at språket blir brukt ofte nok og av mange nok til at det ikkje stikk seg ut, som eit unntak i avisa, seier Bjørgulv Braanen til eiga avis.

Her er grunngjevinga for prisen:
«Bjørgulv Braanen får Nynorsk redaktørpris for tydeleg språkleg leiarskap. Sjølv om bruk av begge målformene er ein redaksjonell arv frå byrjinga av i Klassekampen, er det likevel avgjerande at ansvarleg redaktør tek ein aktiv posisjon for korleis ei språkkløyvd avis skal framstå og rekruttera. Braanen reknar nynorskkompetanse som ein fordel ved rekruttering, og det vert teke inn praktikantar frå Nynorsk avissenter i Førde. Slik bidreg han òg til utvikling som kjem andre til gode.

Gjennom å sleppa til nynorsken i alle slags saksområde, og tydeleg på framsida, bidreg Braanen og Klassekampen òg til å syna at nynorsk er eit bruksspråk for heile media, ikkje berre til kommentarar og spesielle høve. Ei hovudstadsavis som viser dette, og som dessutan har hatt god opplagsvekst over fleire år, er eit godt prov for at nynorsk og språkkløyving ikkje er eit hinder for framgang i medieverda.»

Les om tidlegare vinnarar her!


Oppdatert: laurdag 13. juni 2015 13.38
Kommentarar



Faktaboks

• Bjørgulv Braanen er fagutdanna sveisar,
• Har arbeidd i Klassekampen som layoutsjef på 80-talet.
• I 1990 byrja han i Dagens Næringsliv der han arbeidde på desken, med Magasinet, seinare som journalist og sjef for Etter Børs-seksjonen
• I 2000 vart han redaksjonssjef i Klassekampen, og frå 2002 ansvarlig redaktør.

 
ANNONSE: