Ny læreplan: – Letta og frustrert

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Letta og frustrert

– Eg er letta over at sidemålet truleg får eigen plass på vitnemålet. Samstundes er det frustrerande å sjå at styresmaktene legg opp til å skjere hardt i kompetansemåla for sidemål, fortel NMU-leiar Vebjørn Sture, etter at framlegget til ny læreplan i norsk blei sendt på høyring i går ettermiddag.

Klårt karakterframsteg
– Læreplanutkasta vi har fått sjå tidlegare i haust, har i stor grad lagt opp til å fjerne sluttvurderinga i sidemål. Dette er langt på veg reversert no, sjølv om eg framleis saknar eit alternativ som kombinerer standpunktkarakter og eksamen i sidemål, forklarer Sture.

– Det er i alle fall gledeleg at også dagens karaktersystem er teke inn igjen som eit alternativ. Å ha fleire norskkarakterar gjev norskfaget den statusen som faget både treng og fortener. Skal vi få fart på skuta, kan vi jo ikkje hive sjølve kompasset over bord, spør målungdomsleiaren.

LES OGSÅ: På grensa til latterleg

Kuttar i kompetansen
Sture er derimot misnøgd med at kompetansemåla i sidemål ligg an til å bli reduserte.

– Å svekkje kompetansemåla for sidemål vil auke nynorskfråfallet, fordi elevar som er litt betre i bokmål enn nynorsk då vil skåre betre ved å skifte til bokmål som hovudmål. Det er i praksis å gje nynorskelevane statlege gulrøter for å velje bort nynorsk.

– Det vil også øydeleggje for fagleg sterke elevar. I dag kan elevane få utteljing for å meistre begge skriftspråka. Om du ikkje lenger må meistre sidemålet godt for å få full måloppnåing, vil dei flinkaste elevane måtte lære langt mindre enn før, seier Sture.

Byrjar for seint
Målungdomsleiaren er også oppteken av at sidemålsopplæringa må byrje tidlegare.

– Kvifor skal vi vente til konfirmasjonen med sidemål, i staden for å byrje når evna til å lære språk er på topp? Direktoratet mumlar om tidlegare sidemålsstart, men det dei føreslår er å «prøve ut» sidemål i 7. klasse. Dette blir språkpolitisk jenka – eitt steg fram og eitt tilbake, kommenterer Sture.

LES OGSÅ: – Nynorsk ikkje eit seriøst fag utan eksamen

Saknar prinsipiell debatt
Sture understrekar at diskusjonen om norskfaget og sidemålet må vere prinsipiell.

– Norskfaget er for viktig til at debatten kan dreie seg om rettebunker. At norsklærarar har mykje å gjere er eit arbeidsavtaleproblem, som skuleeigarar og fagforeiningar må løyse saman. Vi kan ikkje bruke elevane sine læringsmål og karakterar som kubein i ein arbeidsvilkårdebatt, avrundar Sture.

Korleis meiner du norskfaget bør vera i framtida?