No skal det bli vanskelegare å kome inn på utdanningar

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er ei myte at det ikkje har noko å seia for kvaliteten kven som blir tatt inn på studiet, sa kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) då han lanserte regjeringa si stortingsmelding om kvalitet i høgre utdanning på fredag.

Eitt av hovudmåla med kvalitetsmeldinga – den første i sitt slag – er at «alle studentar skal møta krevjande og engasjerande studium».

For å få til dette vil regjeringa mellom anna gi universiteta og høgskulane høve til å setja spesielle opptakskrav til studia sine, utover dagens krav om studiekompetanse.

Vil motivera fleire
Spesielle opptakskrav kan til dømes vera krav om karakter i enkeltfag, krav om programfag (fordjuping) frå vidaregåande skule, eller intervju og opptaksprøvar.

I dag må lærestadene søkja Kunnskapsdepartementet om å få innføra slike krav. No skal det bli fritt fram, så sant regjeringa får støtte for forslaget i Stortinget.

Spesielle opptakskrav på fleire studieprogram kan bidra til å rekruttera meir motiverte studentar og få fleire til å fullføra studiet på den tida dei skal, ifølgje stortingsmeldinga.

LES OGSÅ: Studentar slaktar karakterkravet til regjeringa

– For nasjonale krav
Etter innleiinga frå kunnskapsministeren spurte sjukepleiarstudent Petter Sætre om regjeringa også vil innføra nasjonale karaktergrenser for opptak til utdanninga i sjukepleie, slik det er for lærarutdanninga.

– Eg er for nasjonale krav, og du skal ikkje sjå vekk frå at det snart kjem eit initiativ i den retninga, sa statsråden i sitt svar.

På spørsmål frå Framtida.no etter lanseringa vil han ikkje utdjupa kva slags initiativ som kjem, eller når det kjem, men stadfestar at det blir nasjonale opptakskrav.

– Spørsmålet er kva krav ein skal stilla. Det jobbar me med, seier Isaksen.

LES OGSÅ: Lærarane blir ikkje betre av høge karakterar

Petter Sætre, politisk nestleiar i Studentdemokratiet i Sørøst-Norge og fylkesrepresentant for Sjukepleiarforbundet Student i Telemark. Foto: Runar Mæland
#mannkanblisykepleier, står det på t-skjorta til Petter Sætre, fylkesrepresentant for Sjukepleiarforbundet Student i Telemark.

– Veldig positivt
– Det er veldig positivt å høyra, seier Petter Sætre til Framtida.no. Han er politisk nestleiar i Studentdemokratiet i Sørøst-Norge og fylkesrepresentant for Sjukepleiarforbundet Student i Telemark.

Sjukepleiarforbundet etterlyser krav om minimum karakteren 3 i matte, norsk og engelsk for å kunna bli sjukepleiar, fortel han.

– Du må ha ei realfagsforståing, det får du gjennom matten. Og så må du kunna forstå og kommunisera med pasientane, først og fremst på norsk, men også på engelsk, seier Sætre.

LES OGSÅ: Fleire vil verta sjukepleiar

Faktaboks

Andre forslag i stortingsmeldinga om kvalitet i høgare utdanning:

* Talentsatsing med fleire forskarlinjer eller spissa studieprogram for dei beste studentane

* Dei som er gode til å undervisa skal kunna kvalifisera seg til lønsbonus eller ei høgare stilling

* Fagfellevurdering av undervisning, det vil seia at undervisarar evaluerer kvarandre

* Sensorrettleiing ved alle eksamenar, for å sikra likare karaktersetting

* Ein «konkurransearena» der høgskular og universitet kan konkurrera om midlar til tiltak for betre studiekvalitet

* Ein «kvalitetsportal» der informasjon om studiekvalitet blir samla på éin stad