Nesten ti dagar i New York

Korleis i all verda er det å freiste å oppleve New York på ti skarve dagar? Overveldande. 

Kristina Leganger Iversen
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 Dei seier du treng ti år på å bli ein New Yorkar. Eg har berre nesten ti dagar, og det er første gong eg skal dit: Eg veit ikkje eingong om New Yorkar er noko eg vil bli. Byen kjenner eg berre frå filmar og tv-seriar, frå Woody Allen, Sex og Singelliv, frå Seinfeld, Då han møtte henne; frå bøker, alt frå kunstnarromanane til Siri Hustvedt til beatpoesien til Allen Ginsberg; frå plater, dette var plassen  Joni Mitchell spelte inn si første plate, der Patti Smith steig opp på scena; frå Chelsea Hotel og bileta til Robert Mapplethorpe og tusen andre.

            Å dra til New York, eller heller å flytte kanskje, er den store klisjeen; kan ein klare seg der, kan ein klare seg kor som helst, seier ein, men eg skal no dit likevel, om ikkje lengre enn ti dagar, eller nesten ti dagar, frå måndag til onsdag. Kva kan ein klare på ti dagar, tenkjer kanskje du, og det tenkte kanskje eg med, men eg reiste, og på dei stakkars ti små dagane opplevde eg mykje og mangt  og meir enn eg kunne få skrive her. Noko var heilt likt, men mest var heilt annleis enn eg hadde trudd. Mest av alt så var det mykje meir, så mykje meir enn eg kunne ha førestelt meg.

Reise og framkomst
Eg hadde aldri reist så langt før. Tidlegare har eg reist litt, ikkje mykje: Eg har aldri vore på korkje jorda rundt, backpakkartur eller interrail. Mine feriar har begrensa seg til pakketurar og europeiske storbyar, om ikkje fordi eg er lat så fordi eg er gniten, eg har iallfall vore det, gniten på å ta meg lenge fri, gniten på å bruke masse pengar på dei flybillettane som kunne frakta meg til andre sida av verda. Men no skal eg det, eg skal nesten verda rundt eller i alle høve seks tidssoner aust, eg skal til ein av desse største byane som finnest, størst, kanskje ikkje i areal, men størst for meg.

            Flyet vårt går kvart i tre, og etter ei mellomlanding på Island vil vi lande på JFK klokka sju på kvelden. Sånn er mystikken med tidsreisinga, reiser du vest mot sola, kjem du fram timevis før du skulle. Alt går som det skal. På veg over havet flyr vi i klårt ver over Grønland, og når eg lenar meg mot vindauget, kan eg skode ut over sørspissen av is-landet, eg kan sjå breane som strekkjer seg mot havet og kollapsar i sjøen, eit landskap av kvit-blå is og blå-blått hav. Og eg tenkjer dette, dette har eg aldri før sett og vil sikkert aldri sjå elles. Eg prisar meg lukkeleg for at eg sit i eit flysete og kan sjå alt dette ovanifrå, og slepp å stå på dekk der i mellom isfjella. Snart flyr vi over staden Titanic sokk.

            Før vi landar, sirklar vi i ein halv time over byen, før vi får gate. Eg har aldri likt noka forseinking betre: Kvar gong vi sirklar, vender flyet venga mot eit lysande lappeteppe av liv. Det strekkjer seg ut i det uendelege under meg: New Jersey, Manhattan, Staten Island, Brooklyn, Long Island, Queens, og sikkert mykje meir. Så får vi gate, så byrjar vi nedstiginga. Vi får gate, vi får gå ut, og vi kjem i køen som skal syne seg å ta nærare to timar å kome gjennom, ein kø som buktar seg gjennom tronge korridorar, utan vatn og med lange køar til toalett.

            Når vi endeleg kjem i taxien, er klokka ni i byen og tre på natta i vår tid, og vi er daudtrøytte, trøytte, men oppspilte, og taxien susar gjennom Brooklyn, og plutseleg nøkkar reisefølgjet meg i ermet og seier sjå, og så er vi der, vi ser himmellina til Manhattan stråle mot oss i ei klar, blåsvart natt. Korleis kan eg seie noko anna enn at dette, dette er noko av det vakraste eg har sett? Eg skjems over det, men det er sanninga: elektriske lys i desse enorme stålkonstruksjonane, eg bivrar, det er som det største, mest funklande, levande smykke, diamantar, Swarovski-krystallar og safirar. Natta har eg sett før, og eg bur jo i ein by, men aldri, aldri har eg sett noko som dette, og med eit skjønnar eg korleis modernistane og avant-gardistane kunne skrive så mange dikt til byane, kunne bli så slått i bakken av denne nye og plutselege skjønnheita som elektrisitet og stål kunne framsyne.

LES OGSÅ: Syden – det kostar så lite

Anti-kapitalisme og shopping
Kva er vel betre enn å møte ein ven på trappa, første kvelden i ein ny by? Elin møtte oss i går kveld, etter å ha sete heile dagen på biblioteket på Columbia. Frå utsida lever ho eit magisk liv: Ho går på eit av verdas beste universitet, ho har alle dei teoretikarane vi har lese om som professorar, og lever i ein av dei vakraste byane i verda. Vi et kvelds på ein vegetarkafe i nærleiken, sjølv om vi er trøytte, er møtet like lysande og lovande som Manhattan var frå avstand, vi har ti dagar, her, i denne byen! Det verkar som ei æve. Så mykje å gjere, og å sjå. Vi går til sengs slitne, men fulle av von.

            Vi vaknar første mai, klokka halv åtte om morgonen. Vi kjøper den største frukosten ein hundrelapp kan kjøpe på veggissjappa på hjørnet, kaffi, salat, omelett, bagel, ferskpressa appelsinjus og kaffi. Dagen nyttar vi til å vandre rundt omkring, vi tek subwayen ned til Manhattan og går mellom skyskraparane, ser Wall Street og folk i dress som hastar av garde.

            Vi vandrar innover og opp, og eg veit ikkje nett kvar vi går, men eg veit at vi set oss ned på denne litle hjørnekafeen French Roast, som ligg på 11. gate vest. Korleis vi har forvilla oss i denne retninga, veit eg ikkje, kanskje gjekk vi ned heile Houston Street, men medan vi sit der på fortauet og er trøytte, vert det plutseleg eit fæla styr. Ut i gata syklar demonstrantar frå Okkuper! forbi, dei er mange, kanskje hundre stykke, og dei tek heile gata. Langs fortaua vrimlar det av folk som roper: «Til Unionsplassen, Til Unionsplassen!» Det er første mai, mayday, og demonstrasjonen startar klokka fire. No er ho tre, og vi skjønnar plutseleg at vi ikkje er langt unna der det skjer. Dette var noko av det vi hadde tenkt på å få med oss når vi reiste heimanfrå. Frå heime har vi sett demonstrantane på tv, dei har vore på Wall Street, og vi har følt på det, at det er noko stort som skjer. Etter at politiet var ganske hardhendte med demonstrantane før jul, har det ikkje vore så mykje aktivitet for Okkuper!-rørsla, og demonstrasjonen i dag er varsla å bli ein av dei største på lenge.

            Demonstrasjonen, eller rallyen, som dei kallar det, er ein av dei lovlege. Heile dagen har det skjedd meir eller mindre organiserte og lovlege demonstrasjonar byen over. På Unionsplassen (som er plassen til fagrørsla), er det godt med folk, men nett kor mange er usikkert: I ettertid har eg lese både fleire hundretals og fleire tusental menneske. Når eg står der, ser eg utover plakatane og flagga, der slagorda er mangfaldige: «Jewish Workers Assosiaction» står det ein plass, medan «Stop Police Brutality Against OWS!» er orda frå ein annan. Det er i heile teke ei brokete forsamling. Nokre menneske har på seg Vendetta-masker, andre ser ut som velfødde studentar. Og sjølv om fleirtalet er kvite menn, er det òg mange som er her for å støtte kampen til illegale arbeidsinnvandrarar. Denne rallyen er prinsipielt skipa for dei, får vi høyre. For amerikanske statsborgarar er det ikkje så farleg å bli arrestert for å ha delteke i ein ulovleg demonstrasjon, men for ein ulovleg arbeidar vil det tyde deportasjon.

Eg ser rundt meg, og trass i alle bannera, trass i Tom Morello frå Rage Against The Machine på scena, trass i alt dette tenkjer eg: Desse 99% er alt for få.

Seinare på kvelden sit vi i ein bar og drikk øl og et nachos, då eg overhøyrer denne symptomatiske samtalen mellom bartender og kunde.

— Hei, fekk du med deg alt som skjedde i dag?

— Nei, pft, eg er jo her og faktisk jobba, eg!

Ho sa det og var stolt. For fleirtalet av dei hardtarbeidande amerikanarane ser framleis på demonstrantane som late slubbertar. Seinare på kvelden trefte eg ein gjeng nyutdanna pilotar i NYs eldste pøbb. Dei var huggelege karar som hadde teke turen frå Long Island, italiensk-amerikanske, polsk-amerikanske og noko eg ikkje fekk med meg. Dei var oppdaterte på politikk, og vi diskuterte både Obama-Care og Ahmadinejad. Men når det kom til OWS, var det lite sympati å spore.

— Dei, sa han, dei der typane der er arbeidsledige, kriminelle og dopfolk.

Då eg spurde han om kva han tykte om korleis politiet behandla demonstrantane (det har vore påstandar om politivald), hadde han dette å fortelje:

— Nokre venar av meg arbeider i NYPD, og dei var blitt kasta drit på av demonstrantar. Når nokon kastar drit på deg, då har du lov til å svare med makt.

Byen der alle er kunstnarar
          Å bruke ti dagar som demonstrant i det store eplet ville sikkert vere interessant, men denne byen er trass alt så mykje meir. Onsdag vaknar vi igjen med blod på tann, og avgjer at vi skal bruke dagen på … SHOPPING?! Ein større kontrast frå gårsdagen kan ein vel knapt tenkje seg? Men reint så gale er det ikkje: Vi har på førehand søkt oss fram til ei rekke bruktbutikkar som skal vere fine, og i nærmiljøet.

         Det er utruleg mykje bruktbutikkar i denne byen. Ikkje langt frå der vi bur i East Village, finn vi mellom anna ein filial av den amerikanske Buffalo Exchange-kjeden. Jepp: kjede. Sånn er Amerika, til og med det mest alternative av det mest alternative finnest i franchise, anten det gjeld økologisk mat (Whole Foods) eller bruktklede. Tanken bak Buffalo Exchange er at ein både skal kunne selje sine eigne gamle klede (mot butikk-kreditt) og kjøpe nye, brukte klede. Folka som arbeider, er handplukka som stil-ikon, og trente i å prissette bruktkleda etter kor trendy dei er.

         Den såkalla Williamsburg-stilen kjem etter seiande frå tilbytte klede frå BE i Williamsburg.

         Estetikken her er ganske langt frå den reine, enkle businessstilen motebutikkane langs avenyane kringkastar. Blant hipsterane i NYC er det å ikkje matche kleda viktigare enn å matche dei. Det tyder sjølvsagt ikkje at desse menneska ikkje er like opptekne av utsjånad som andre folk: Om dei har meir fargerike klede, underlege hårfargar og frisyrar, ser fleirtalet likevel minst like pene, strigla og gjennomstyla ut her, som elles i byen. I desse butikkane finn ein nemlig alt frå Hennes og Maurits til Ralph Lauren, dyre og billege klede prisa ned til dei kostar omtrent det same.

            Det er i desse butikkane den tradisjonelle, New Yorkiske kunstnarstilen er oppstått, og kunst og kunstnarar er det mange av. Alle er ein writer eller artist. Når ein er ny, kan det verke overveldande: Finnest det verkeleg så mange kunstnarar og forfattarar i denne byen? Kanskje er det mange, men litt av overfloda må den amerikanske framfusne folkesjela få: Terskelen for å seie at ein er forfattar og kunstnar, er definitivt lågare her enn heime i Noreg. At du er writer, tyder kanskje berre at du skriv dikt på bloggen din medan du arbeider på Starbucks, du treng eigentleg ikkje ha gjeve ut noko. Det gjer det noko vanskeleg å vite kven det er du treffer i New York.            

            Men ikkje berre har eg vanskeleg for å vurdere folk, folk har vanskeleg for å vurdere meg med. For sjølv om amerikanarane aldri ville innrømme at dei er eit klassesamfunn, er det noko av det som slår ein først når ein kjem til dette landet. Og sjeldan blir dette meir synleg enn når amerikanarane møter oss: Fleirtalet av dei vi treffer, trur vi er overklasse. Eg tek meg i å lure på kva som kan vere grunnen til dette: Litt har det nok med at vi er kvite, på ferie i New York. Litt kan det ha med klesstilen vår, ein klesstil som er typisk norsk student, men som her har heilt andre konnotasjonar, som rik, kvit, universitetsstudent. For å studere er eit gode reservert for dei få her i landet, og dét at vi pratar god engelsk og studerer humanistiske fag, får den tydinga at vi har økonomisk kapital. I USA er det tydelegvis stort sett berre svært rike folk som tør å satse på humanistiske fag, dei som kan arve eller gifte seg og ikkje er avhengige av ein godt betalt jobb.

            Sjølv om det skjer fleire gongar, kjem eg ikkje over kor rart det er å bli teken for å vere rik: Vi treffer mellom anna to unge menn på NYU, universitetet, som kjem med fleire tips til eigedommar vi bør investere i på Manhattan. Og dei blir heilt sjokkerte når dei får høyre at eg likar såkalla white trash-kultur. Kva då, spør dei, og eg nemner kjærleiken min for sørstatsmat, soul food, som kaker, collard greens og mac'n cheese. «Men du et det vel ikkje?» spør dei med oppsperra auge. Og når eg svarar at jo, det gjer eg, så ser dei meg opp og ned før dei bryt ut: Men det er jo ikkje sunt?

            Nei, det er jo ikkje sunt. Og i New York er tilsynelatande alt anten veldig sunt eller veldig usunt, og folka som går på dei forskjellege plassane veldig ulike. Fastfood-sjappene er greasy som berre det, og her er det ei stor overvekt av arbeidarklassefolk, afro-amerikanarar og spanskætta, medan dei sunnare sjappene har hovudsakleg kvitt øvre middelklasse-klientell. Og det kjem vel neppe som noka bombe at fleirtalet av dei som arbeider overalt i sørvissektoren er farga. Eg spring fram og attende, og et mac'n cheese ein plass og drikk smoothie ein annan.

LES OGSÅ: 70 elevar kan miste USA-opphaldet

Kunst og politikk
Om amerikanarane ikkje er vande med å prate om klasse, er det likevel ein tematikk som stadig kjem fram. Ikkje minst på musea. New York har nokre av verdas mest kjente museum, med MoMA og Guggenheim i spissen. For oss nordmenn er det kanskje lett å tenkje på kunst og kunstnarar som ei litt fattigsleg, opposisjonell greie, men her borte er kunst først og fremst big business og ein sosietetsting. Å kome inn på MoMA kostar 25 dollar for vanlege vaksne, og med ein dollarkurs i 6 kr seier det oss at det er omtrent 150 kr for ein inngangsbillett. Og når minstelønna er 7,25 dollar i timen, tyder det at ein må jobbe nesten fire timar for å ha råd til å kome inn her. No har dei rett nok «betal så mykje du vil» kvar fredag mellom 17-20, men kven er det eigentleg som har råd, eller kan, gå på dette museet? Ikkje så mange.

            MoMA er eit rikt museum: Det har mange klassikarar, og flesteparten er donerte til museet av ein eller annan riking. Under fleirtalet av bileta står det gjerne eit lite skilt, som vanlegvis har følgjande form: «Acquired through the generosity of Mr X and Mrs X». MoMA er staden rikingar donerer bilete sånn at andre rikingar skal kunne sjå kor rause dei er, og kor god smak dei har.

           Det er nesten berre kvite folk på museet. Eit par japanske turistar, men nesten berre heilt kvitt. Få ungdommar, fleirtalet er godt vaksne menneske i tjukksola kvite joggesko og nystrokne klede. Dei vandrar frå rom til rom med dei små telefonane med innspelt informasjon om kunstverka, og stirer med store auge. Etter eit par timar flokkar dei for lønsj i kafeen (der det berre jobbar farga folk) og stimlar i museumsbutikken for å kjøpe dei artige designobjekta dei sel der.

            Og det rare er at kunsten på MoMA er superpolitisk. Når vi er der, har dei separatutstilling både med Cindy Sherman og Diego Rivera. Rivera er ein mexicansk kommunist og malar, for mange betre kjent som mannen til Frida Kahlo. Mellom verka hans finnest det mange bilete frå kommunistiske demonstrasjonar i Moskva, og motiv som set fokus på dei store forskjellane mellom rike og fattige under den amerikanske depresjonen. Eit av hans mest kjente bilete er kalla «Frozen Assets», og biletet framsyner i øvre del dei største skyskraparane i New York, medan vi i nedre del ser rett inn på ein sovesal der arbeidarane ligg tett i tett langs heile golvet, patruljerte av ei vakt. Under den store depresjonen på trettitalet var det nemleg ein skikkeleg byggjeboom i byen, fordi det var så uhorveleg mykje billeg arbeidskraft, folk ein knapt trengte å betale, og som oftare enn ikkje arbeidde seg halvt i hel. Det er lett å gløyme, når ein går gjennom dette skinnande landskapet, at alt er bygd på desperasjon, sveitte og tårer. 

LES OGSÅ: Frå ulovleg til akseptert

            Eit anna av verka på museet set fokus på forhold som ligg nærare oss i tid: På nokre plansjar framsyner verket «Million Dollar Blocks» korleis fleirtalet av dei innsette i fengsla i New York kjem frå berre eit fåtal fattige kvartal i byen, alle stort sett lokaliserte i Brooklyn. I desse kvartala har oppimot 20% av folka vore i fengsel, og kvart av desse kvartala representerer kvart år over éin million dollar i utgifter i samanheng med fengsling av bebuarane. Når eg står framfor desse plansjane, er det berre ein tanke som slår meg: Kva sjanse har ein om ein vert fødd der? Kva i all verda kan vi gjere?

Kva kan ein ta med seg heim?
             Vi går ut frå MoMA, og det er underleg kor annleis byen der ute er frå bileta der inne: Frå politisk, anti-kapitalistisk kunst ut i finansområde med alle designarbutikkane. Og er det noko eg føler er New York, så er det nett dette: Mengda av alt, og dei store, store forskjellane. Ein går mellom fattigdommen og rikdommen, og ein blir heilt nummen av alt som vibrerer omkring ein. På sett og vis kjennest det som om einaste løysinga her er å bli hedonist, for å overleve må ein halde fast i augneblinken og nyte han, for det er altfor mykje av både rikdom og fattigdom rundt ein til at det er mogleg å forstå. Og nett det er ikkje så dumt, kanskje, av og til, å berre gje slepp.

             Vi flyr heim frå New York på kvelden onsdagen, og vi flyr mot soloppgangen. Ein plass når vi nærmar oss Island, ser eg ut vindauget, og i minuttane før soloppgang er alt raud-rosa: havet av skyer under meg og den endelause himmelen over meg. Så kjem sola opp over horisonten, og alt går frå å flamme til å vere innhylla i gull. Og eg tenkjer, dette er det beste, det vakraste, å berre vere på reise. Men det blir heller ikkje så verst å kome heim.

 

Har tidlegare vore på trykk i Mål og Makt