≡ Meny
Framtida

i samarbeid med ABC Startsida

Tema: Livssyn og religion, konfirmasjon

Med Gud på skoen

Thu Nguyen visste alltid kor ho skulle sjå for å få støtte i kvardagen.

Kristine Askvik
fredag 11. mai 2012 13.00

Med Gud på skoen EIGNE MEININGAR: – Vi pratar mykje om religion, særleg etter kristendomstimane, seier Inès Blomvågnes (i midten). Saman med mellom anna Nigel Hughey og Thu Nguyen skal ho konfirmere seg katolsk i Bergen i mai.

I snart to år no har dei hatt konfirmasjonsundervisning kvar veke. I mai er det konfirmasjonsgudsteneste i Johanneskirken i Bergen. Konfirmantane vert fordelt på to dagar fordi det er så mange år. Det har ikkje vore vanleg før.

Thu Nguyen (16), Inès Blomvågnes (15) og Nigel Hughey (15) er nett ferdig på skulen St. Paul i Bergen sentrum. I skulegarden ligg òg St.Paul kyrkje. I skulegarden går ein av konfirmasjonslærarane med presteskjorta på. Han syner veg bort til der han har kontor, vi kan sitje i lokalet der.

Søkjer etter tru
Sjølv om skulen er katolsk, er det ikkje slik at alle her er katolske, fortel dei tre.

– Eg kan til dømes ha eit ganske katolsk syn på ting, til dømes at eg er imot abort, seier Thu.

– Det er så moro å følgje Inès. Ho er på søken etter tru. Det er spanande å sjå kva ho vil finne fram til, seier Thu. Ofte prøvar ho å dra Inès med seg på messer på søndagar. Ho ynskjer at venninna skal få den same gleda av det som ho sjølv opplever.

– Òg det verkar jo, utbryt Inès og ler.

Nigel seier han ikkje er flau å seie at han er katolikk.

– Men det er jo ikkje slik at eg prøvar å få alle folk eg snakkar med til å verte katolikkar. Eg byrjar ikkje å diskutere med folk på bussen om det til dømes, seier han og ler.

LES OGSÅ: Ber kyrkja bremse festen

Katolikk eller kakelakk?

Dei har merka at andre kanskje ikkje veit så mykje om katolikkar. Inès hugsar spesielt ein episode frå då ho spelte fotball som lita. Dei andre på laget hadde funne ut at ho ikkje var protestant, men noko anna.

– Eg fortalte at eg var katolikk, og dei berre ”er du kakkerlakk?”

Dei hadde ikkje høyrt ordet katolikk før, fortel Inès.

LES OGSÅ: Salka gjer noko heilt annleis

Har gud i nærleiken
Thu meiner det er viktig å bruke trua i kvardagen. Før hadde ho gud nær seg på ein litt spesiell måte.

– Eg hadde skrive gud på skoen min. Når det var krangling på skulen eller heime, eller eg berre hadde ein litt dårleg dag, så kunne eg sjå ned på skoen min og vite at eg hadde støtte, seier ho.

– Kvifor konfirmerer du deg, Thu?
– Det er for å bekrefte trua mi. På veg til konfirmasjonen har eg funne ut enda meir. Viljen til å konfirmere meg har vorte sterkare. På grunn av undervisninga byrjar eg å forstå kvifor eg gjer det.

– Kvifor i katolsk?
– Eg er oppvaksen med katolsk tru i det vietnamesiske samfunnet. Eg kritiserer ikkje den norske kyrkje, men eg er ueinig i mykje dei står for. Eg er til dømes ueinig i abort. Å verte katolikk var aldri eit val, det var berre den einaste rette vegen.

– Korleis har vener og familie påverka deg?
– Familien og mamma tvang meg til å vere med i kyrkja. Eg vart ein del av eit samfunn på grunn av det. Etter kvart vart det gøy å vere med. Når eg snakkar med vener, vert mi eiga tru sterkare. Det gjeld òg når vener ikkje har den same trua som meg. Då må eg argumentere for det eg trur på.

– Kva synast du om konfirmantundervisninga?
– Vi får drøfte kva vi lurar på og spørje fritt. Ein får ikkje berre svar på spørsmål, men òg høyre andre sine tankar.

– Kva er det viktigaste du har lært?
– At Gud alltid tilgir, trur eg.

– Kva slags forventningar har du til konfirmasjonsdagen?
– Eg ventar ikkje på eit stort ”wow”. No kjennar eg at eg eigentleg ikkje treng å bry meg så mykje om tru. Men etter konfirmasjonen vil eg setje meg meir inn i trua og halde fast i trua. Det er ei bindande kontrakt til kyrkja, at eg ikkje skal forlate trua mi. 

– Kvifor trur du konfirmasjon står så sterkt i Noreg?
– Dei fleste følgjer nok berre tradisjonen. Eg lurer litt på kva vitsen er med til dømes å konfirmere seg borgeleg, då har ein jo ikkje ei tru?

– Kva ynskjer du deg?
– Viss eg skulle ha ynska meg noko, så var det å ikkje ha ein fest. Det vert så mykje stress. Eg skal ha førti gjester, det vert ikkje så veldig stor. Eg har det eg treng.

 – Korleis er det å syne at ein er religiøs?
– Eg går ikkje rundt og ropar at eg er katolsk, men viss nokon spør, fortel eg det. Vi har corpus kristu-dager kor vi går rundt i sentrum og syner at vi er katolikkar. Det er fint å gjere det om det hjelper folk til å kome til trua.

– Kva betyr religion for deg no og kva trur det vil bety framover?
– Gjennom kvardagen er det mykje ein møter på, som er vanskeleg. Då er det fint å ha gud. I framtida kjem gud til å bety endå meir, fordi livet vert enda vanskelegare. Det er viktig å ha Gud når ein føler seg aleine i verda. Det høyrast ut som ein klisjé å seie at ein kan støtte seg til Gud når det er vanskeleg, men det er bra – og det er klisjé av ein grunn.

Les fleire saker i serien vår om konfirmasjon!


Oppdatert: fredag 11. mai 2012 13.02
Kommentarar 0



 
ANNONSE: