– Me er svært skuffa

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det syner at omsynet til demokrati og menneskerettar ikkje veg tungt når det vert sett opp mot eigennyttige interesser, seier Hanne Sofie Lindahl, leiar i Changemaker, i ei pressemelding.

LES OGSÅ: Vil stogga norsk våpeneksport

Flau leiar
Torsdag kveld møttest partia i utanriks- og forsvarskomiteen på Stortinget for å ferdigbehandla Stortingsmeldinga om norsk våpeneksport, før ho skal diskuterast på Stortinget den 14. april.

Changemaker sine ynskjer om meir innsyn i eksporten, større omsyn til menneskerettssituasjonen i mottakarlanda, og eit parlamentarisk eksportråd vart alle fremma i komiteen.

KrF, Venstre og SV fekk ikkje støtte for sitt forslag om å strama inn regelverket.

Det meiner leiaren i Changemaker er flaut.

LES OGSÅ: 7000 underskrifter mot våpeneksport

– Solidaritetssak
I merknadane frå komiteen ynskte representantane frå Ap, Høgre og Frp å streka under at det er viktig å gje produsentar og kundar av forsvarsmateriell føreseielege forhold, noko Lindahl reagerer på.

– Det er overraskande at ikkje Arbeidarpartiet ynskjer velkommen konkrete tiltak for å støtte demokratiseringsrørsler. Dette er ei openbar solidaritetssak, seier Lindahl, som meiner Ap og Sp har svikta i denne saka. 

Changemaker har engasjert seg for ei innskjerping av regelverket for norsk våpeneksport til autoritære regimer og har fått støtte frå alle ungdomspartia.

I pressemeldinga viser ungdomsorganisasjonen til at praksisen heller ikkje har støtte i den norske befolkninga. I ei undersøking gjennomført av Opinion i desember, svarte 7 av 10 at våpeneksport til autoritære regimer som Saudi-Arabia og Egypt er uakseptabelt.

Storeksport
Ifølgje Changemaker eksporterte Noreg krigsmateriell for 22,9 millionar til autoritære regimer som De forente Arabiske Emirater, Oman, Qatar, Saudia-Arabia og Egypt  i 2013, noko som var ei kraftig auke frå året før.

 

–  Intensjonen i norsk eksportkontroll er at norsk krigsmateriell ikkje skal hamne i land der grunnleggjande menneskerettar ikkje vert respektert. Slik er ikkje praksisen i dag.Me håpar partia snur og syner seg ein fredsnasjon verdig, avsluttar Lindahl.