Marie Blokhus: – Fuckings bullshit at ein ikkje treng andre enn seg sjølv

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Bullshit at ein ikkje treng andre

– Eg er sikkert nervøs fem prosent av livet mitt.

Andletet til Marie Blokhus er tårevått. Men skodespelaren, kjent frå «Side om side» på NRK, smiler.

– Når eg går på scena forsvinn nervøsiteten, då fokuserer eg på publikum.

Tårene er restar frå scena ho nettopp har øvd på. No har ho sparka av seg stiletthælane («å, dei skoa!») og trekt føtene opp i ein sofa på eit bakrom i Det norske teateret i Oslo.

Her prøvar ho å tenkje ut ei fyllehistorie ho kan gje meg. Blokhus er nemleg aktuell som modellen Laura i stykket Fulle folk, som har premiere i kveld.

Men, nei. Skodespelaren ser unnskyldande ut når ho seier at ho ikkje ho kjem på ei god fyllehistorie.

– Ikkje utan at eg må utlevere nokon. At personane er fulle er uansett ikkje det sentrale i stykket, seier ho.

Dei store spørsmåla i livet

Fulle folk møter ein eit utval menneske som har éin ting til felles: alle er dritings. Sanninga høyrer ein frå barn og fulle folk, seiast det. Dermed kan teaterstykket gå rett til dei store spørsmåla i livet.

Personane i stykket slit alle med sitt. Modellen Laura opplever at ekskjærasten giftar seg med hennar beste venninne, spelt av Agnes Kittelsen. Vi møter Laura ein kveld dei tre har drukke seg fulle saman.

– Laura vankar i eit miljø der dei ytre verdiane tel mest. Dei vakre, kule, trendye og frie er suksessrike. Når ekskjærasten giftar seg med venninna, skal ho vere kul om det, og ho latar som om ho er glad på deira vegne, fortel Blokhus.

LES OGSÅ: Ny bok: «Not another coming out story»

I laupet av kvelden kjem det fram at Laura ikkje syns det var så kult likevel. Seinare møter ho Maks, som er i sitt eige utdrikkingslag. Det leier til ei openbaring for den forsmådde modellen.

Maks meiner vi menneske har mista kontakten med det viktigaste her i livet – nemleg ekte kontakt mellom menneske.

– Laura innser at fridom ikkje handlar om å vere uavhengig av alle andre. Det handlar like mykje om å våge å gje seg hen til menneska ein er glad i.

Kva er viktig for deg?
– Det finst ikkje nokon fridom. Det er berre reinspikka fuckings bullshit at vi ikkje treng å tilhøyre nokon andre enn oss sjølv, seier Laura i stykket.

Blokhus trur at mange vil kunne kjenne seg att i modellen si openberring.

– Mange unge lever med nesten umenneskeleg høge krav. Ein skal vere vakker, trendy og dritgod på skulen og på ski samstundes. Det er mykje meir fokus på prestasjon enn på det å vere eit godt menneske, og denne jakta på verdi i det ytre verdt forsterka av sosiale medium.

Det er eit paradoks å leite etter eigenverdi i det ytre, meiner ho.

– Personleg klarar eg det ikkje.

LES OGSÅ: Tegnehanne: Tragikomikk er lett når ein har det kjipt

Prøver å sleppe dei sosiale skjolda
Ho håper at dei som ser stykket kan få satt i gong nokre tankar hos publikum.

– Eg ønskjer at folk skal reflektere rundt kva verdiar som er sentrale i liva deira og korleis desse verdiane heng saman med kven dei eigentleg er. Eg ønskjer meg eit samfunn der vi torer å seie kva vi er redde for, kva vi lengtar etter, kva som er vondt og godt, utan at det vert patetisk eller pompøst, seier ho, og legg til:

– Tenk om det hadde blitt populært å vere eit godt menneske? Ein som gjer andre trygg?

Venninnene Laura (Marie Blokhus) og Magda (Agnes Kittelsen) i Fulle folk. Foto: Gisle Bjørneby.

Leitar etter dei som er interesserte i andre menneske
Det er slike spørsmål stykket eigentleg handlar om, og som rusen berre opnar for.

– Eg ser på teater som ekte møte mellom menneske, der vi alle kan forstå noko nytt. Også øver eg meg på å vere open, på å ikkje sette menneske eg møter i bås. Sjølvsagt må eg også ha dei sosiale skjolda på innimellom, men eg freistar å ta dei av og sjå folk. Eg er alltid på utkikk etter dei som er interessert i å verkeleg sjå andre menneske, seier ho.

Til sist handlar det om aksept og anerkjenning av kven ein er, meiner skodespelaren. Sjølv har ho arbeidd mykje med slike tankar hos seg sjølv.

– Som dei fleste, har også eg kjent mykje på frykt for avvising. Eg arbeider framleis med å tore å vere den eg er, og ikkje den eg trur andre ventar at eg er. Det handlar til dømes om å stoppe opp og kjenne etter om ein seier eller gjer noko fordi ein tilpassar seg, eller vil unngå ubehag.

– Når eg glimtvis klarer å handle i tråd med meg sjølv, kjenner eg meg friare.

LES OGSÅ: «Enklare å vere transmann enn transkvinne»