Målungdommen sin nynorsk-VG stengt av VG

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

VG stengde nynorsk-VG

«VG stengde denne sida. Her kunne du før lese VG si nettavis på nynorsk. Innhaldet er no fjerna etter press frå VG,» er teksta som no møter publikum på nettsida nynorskvg.no.

I 2010 lanserte Norsk Målungdom nynorskvg.no og nynorskdb.no, som ein del av kampanjen «Slepp nynorsken til».

Målet var å få meir nynorsk i riksmedia. Målungdommen argumenterer med at det er «feil å kalle seg ei riksavis som skal ha nedslagsfelt over heile landet og samstundes ha forbod mot eit offisielt norsk språk som ein halv million nordmenn nyttar dagleg».

Dagbladet fekk stengt sin nynorskversjon kort tid etter han vart oppretta, medan VG den gongen reagerte med eit skuldertrekk. 

Her kan du lesa kva både Dagbladet og dåverande ansvarleg redaktør for VG Nett, Espen Egil Hansen, hadde å seia om saka i 2010.

Truga med søksmål
Ansvarleg redaktør i VG, Torry Pedersen, meiner det er openbart at sida bryt med alle elementære reglar for publisistisk verksemd.

Då Framtida måndag kontakta Pedersen, svarar han i ein e-post:

– Me har oppmoda dei om å avvikla sida, då den står fram under VGs varemerke, og er basert på maskinell omsetting. Slik den står fram bryt den openbart med VGs rettar.

Leiar i Norsk Målungdom Synnøve Marie Sætre stadfestar overfor Framtida.no at dei same dag vart kontakta av redaksjonssjef Arnstein Johansen.

– Me fekk beskjed om at sida måtte leggjast ned med ein gong, elles ville dei saksøkja oss. Dei meinte det var eit brot på åndsverklova og øydela VG sin merkevare, fortel Sætre.  

Målungdommen følgde oppmodinga og tok ned sida med det same.

VG slår hardt ned på misbruk
Redaksjonssjef i VG, Arnstein Johansen, stadfestar i ein e-post til Framtida.no at dei sa til Målungdommen at dei ville forfølgja saka juridisk, om ikkje sida nynorskvg.no vart fjerna med det same. 

– Dette er fast praksis når me vert utsett for misbruk av vår logo og merkevare, forklarar Johansen. 

LES OGSÅ: Første Nintendo Wii U-spel på nynorsk

Han fortel at dei nyleg har meldt ein nettaktør både til politiet og forbrukarmyndigheitene, og vil slå hardt ned på alle som misbrukar VGs gode namn og rykte, anten motivet er økonomisk svindel eller ideologiske kampsaker.

– Eg er overraska over at ein presumptivt profesjonell samfunnsaktør som Målungdommen har vist så lita innsikt i og respekt for åndsverkslov og opphavsrett i dei fem åra misbruket skal ha gått føre seg, skriv Johansen, som no gler seg over at dei tok saka på alvor og at sida no er historie.

Vil halda fram kampen
Sætre medgjev at den automatiske omsetjinga ikkje gav eit godt språkleg resultat.

– Frå vår side var det berre ein gimmick for å visa at me ynskjer at nynorsk skal få sleppa til i avisene. Me vil halda fram kampen for nynorsk i VG og Dagbladet, men på andre måtar, seier Sætre.  

Ho meiner VG likevel fortener skryt for å ha skrive saka om at prinsesse Ingrid Alexandra sitt sidemålsfritak på nynorsk.

LES OGSÅ: Røe Isaksen: – For lite nynorsk i riksmedia